måndag 21. februar 2011

Barnearbeid på Cubus?

Ein skulle ikkje tru det, men barnearbeid er framleis ein heit potet i 2011. Og i debattane som dukkar opp, er det ikkje rom for mykje nyansar. Alt barnearbeid er slaveri, og eit overtramp mot barns rett til å vere barn - iallefall om ein skal tru det store fleirtalet i vesten som er motstanderar av denne praksisen. Dette er sjølvsagt å ignorere historiske og kulturelle skiller, og det faktum at ikkje alle samfunn har vore eller er som vårt eige, som har utvikla seg til å tenkje på barn som noko uskuldsreint som først og framst skal leike (konsumere underhaldning) og "utvikle seg". I andre delar av verda må barna gjerne bidra til familiens økonomi, anten ved å ta hyre som passar dei, eller ved å jobbe side om side med familien på gard, i fiske eller anna arbeid dei gjer. I sistnemnte situasjon er det lite vestleg indignasjon kan gjere godt, det er meir i stand til å skade fattige familiars høve til å overleve.

På den andre sida har ein reelt barneslaveri der ute, der barn vert utnytta på det grovaste for lita eller inga løn. I alt frå prostitusjon til leiketøysproduksjon vert born behandla som bruksobjekt under heldige skadelege omstende. Ironisk nok er det denne beklagelege situasjon dei indignerte menneska i vesten er best tent med - då tenestene og produkta desse barna produserar billig, er noko vi alle nyttar godt av her. Særleg er dette openbart i motebransjen, der ein til stadig oppdagar at kle- og skoprodusentar nyttar seg av denne type barnearbeid. Noko som mellom anna er avdekka i detalj når det gjeld store kleskjeder som H&M og the GAP.

Men ville du trudd meg om det òg gjaldt kjernesunne Cubus? Alt tyda faktisk på det, då mullaen tok med seg ein av sine medsamansvorne på ekspedisjon til ein lokal Cubusforhandlar.
Ja, de ser rett, mine damer og herrar, små yndige androgyne barn vert tvungen til å arbeide til langt på natt på Cubus. Eigarane av denne butikkjeda eig ingen skam, og lar openbart alt for unge barn jobbe fillene av seg i produksjonen av klede, og tvinge dei til å stille seg på utstilling på kvelden i det vi berre kan anta er storstilt organisert barneprostitusjon! Det er ikkje rart at barna vert så fortvila og frustrerte at dei riv håret av seg.
Dette er noko vi alle bør reagere på. Denne type barnearbeid er òg blir motbydleg, og ein skam for vår vestlege kultur. Og ein ting er når det skjer, langt der vekke i Asia og Afrika, der vi slepp å sjå det, anna enn når ein eller annan venstrevridd journalist har laga ein dokumentar - det er jo ille nok - men dette er i vår eigen bakgård! I sjølvaste Bergen sentrum. Kan vi tolerere noko slikt? Kan vi akseptere slikt rett framfor auga våre?!

Vi bør i det minste forlange at Cubus flyttar denne aktiviteta ut av sentrum. Kven er med på underskriftskampanje?

3 kommentarer:

  1. Kan vi kanskje istedet be dem ta tørkle rundt ansiktet på barna så vi slipper å se dem i øynene? Jeg klarer helt fint å overse dem så lenge jeg slipper tårene og de bedende blikkene.

    SvarSlett
  2. Ut av sentrum, men ikke hit til Kløfta!

    SvarSlett
  3. @Nicol: Eg burde kanskje ha photoshoppa bileta før eg la dei ut?

    @Svein: Ja! Ut med styggedomen!

    SvarSlett