torsdag 10. februar 2011

Eg dementerar!

Grine Trung dementerar at dette er henne.
Eg må gå attende på mine påstandar i gårsdagens innlegg om Trine Grung og Blog Awards. Det var ikkje rettvist av meg, og eg tar sjølvkritikk som det heitte i ml-rørsla. Eg kom i vanvare å seie ting om Trine Grung som verkeleg, verkeleg ikkje stemmer.

For ho kan jo umogleg ha hatt poeng å komme med angåande det fullstendig tragiske fesjået som var gårsdagens Blog Awards. Og det seier ho sjølv i dag, i det ho går ut og dementerar sine utsegn til gårsdagens utgåve av Dagbladet. Det er jo klart, ho meiner jo ikkje det ho seier, folk forstår henne berre ikkje, og så vert ho feilsitert. Slik som alle dei andre gongane ho har måtte dementere.

Så eg ber om orsaking av dykk mine lesarar, og dementerar på det sterkaste mi påstand i går om at Grine Trung hadde eit poeng om noko som helst. Ho er poenglaus, og PR-kåt, og trass sine 40 år (gratulerar med overstått Grungis, høyrer feiringa i går var vellukka, det er bra!) er ute av stand til å oppføre seg som eit modent, og vaksent menneske. Her snakkar vi ein 8-åring som ikkje tålar kritikk, ikkje taklar å verte presentert for sine eigne påstandar, og i same slengen har ballar nok til å påstå ho er ein PR-rådgjevar.

Gud betre meg, den dama er på narkotika og vil tydlegvis ikkje dele med resten av festen.

Eller vent litt... no dementerte ho på Twitter at ho hadde dementert noko som helst. Ho berre tulla! Om ein av tingane ho sa, liksom! Døh!

Eg treng ibux.

5 kommentarer:

  1. *g* Hello Panda!

    Men dette minner meg på. Blogg! Skrev ikke jeg sånt? Hmm. Oppdatere.

    SvarSlett
  2. Kjære Mad Mullah Hastur

    Eg kan informere deg om at du er nominert til neste års Vixen blogawards, i kategorien beste mullahblogg.

    Beste helsing Vicky Vick Vixen

    SvarSlett
  3. Ja, Asbjørn, skjerpings! Du har som plikt å informere oss om gærningar. Gje no blaffen i studentane dine!

    Vicky Vick Vixen, er du i slekt med Dicky Dick Dickens? Eg meiner forøvreg at eg bør nominerast i alle kategorier! Eg har òg skrive om mote, så det så!

    SvarSlett
  4. Jeg HATER fjortisjenter! Spesielt hvis de er over 40.

    SvarSlett
  5. Dei er gjerne dei verste. Iallefall dei tristaste.

    SvarSlett