måndag 7. februar 2011

Å gjere ære på

Ein gjer ære på sine førebilete og leiestjerner på så vidt ulike vis. Det er eit behov vi har, for å uttrykkje våre kjensler, vår æresfrykt for dei vi sett høgt og som inspirerar oss til å vere den vi er, og til å strekke oss til å vere enno betre versjonar av det enn vi allereie er. Om førebiletet er i live, og får med seg denne kommunikasjonen, er jo sjølvsagt av mindre tyding. Det er eit tilfelle av sjølvuttrykk, som kanskje er like mykje mynta på andre som på motivet. Ein vil seie at dette, det er ein del av meg, den eg er. Ein signaliserar simpelthen delar av sin identitet gjennom korleis ein fysisk demonstrerar si ærefrykt på. Anten det no er ved skulpturar, maleri eller altar.

Og som mulla er det alltid litt smigrande å vere gjenstand for ein smule med avgudsdyrking.
Photo og arrangement: Superfritz, ein god tilhengjar og venn av den norske elg.

4 kommentarer:

  1. men kva er dei to dyra ved sida av?

    SvarSlett
  2. Elg, eit av dei mest bestridte dyra i Germania. Då Göring erklærte dei for å vere ugermanske og freista å utrydde dei. Dei gjorde motstand.

    På same vis gjer vi i dag motstand mot Pandamonium som prøver å utrydde båe oss og elgen. Göring er faktisk attfødd som morfinavhengig panda, men det er ei anna soge.

    SvarSlett
  3. det var ein kommentar til pic capture...

    SvarSlett
  4. Ja, nemleg! Ein skal ikkje undervurdere elgen. Dei er forøvreg anonyme livvakter.

    SvarSlett