søndag 6. februar 2011

Israel og Egypts kulturskattar

Mykje har blitt sagt om kor uheldig det var at Israel gjekk ut med si støtte til Hosni Mubarak i Egypt. Deira ønske om å la han bli sittande som despot, trass den egyptiske folkevilja, hadde sitt opphav i eit ønske om stabilitet og vidare fred mellom dei to landa, men vart oppfatta som arrogant og sjølvsentrerte.

Andre meldingar frå Israel i denne samanhengen har ikkje fått same merksemd, men er kanskje av langt større historisk tyding. Heldigvis har Lamebook klart å snappe dei opp, og offentleggjort dei.
Forståeleg nok, eigentleg. Det var jo ikkje verdas beste arbeidsvilkår for dei israelske framandarbeidarane i Egypt i dei dagar har eg skjønt.

3 kommentarer:

  1. Siden når ble egyptiske pyramider bygget av jødiske slaver?

    SvarSlett
  2. Vel, det kan faktisk spore heilt attende til at nokon trengte det som ein premiss for ein vits, tenkjer eg. Alvorleg tala, ein kan ikkje la slike historiske detaljar komme i vegen for eit godt flir.

    SvarSlett