måndag 28. februar 2011

Konkurranse: Vinn ein tyskar

Pikenes Jens, vitskapsmann og storsjarmør, Major Toht
Ein ofte gløymd helt er Arnold Ernst Toht, ein av dei tidlege forskarane i den høgreorienterte tankesmia SS Ahnenerbe i Tyskland. Han var ein sjarmør og ganske så populær blant dei blonde Bundesmädchen, og kunne ofte bedåre sine tilhøyrar med sin sarte visesong. Hans iherdige innsats for å fremme vitskapen og avdekke skjulte skattar, vart høgt verdsatt i hans samtid, og han hadde rimeleg frie tøyler i si jakt på den heilage gral. Denne ekspedisjonen skulle og bli hans siste, og det ryktes at han døde takka vere ein amerikansk amatørarkeolog som blanda seg inn i ting han burde haldt seg unna. Uansett står major Toht att som ein av dei mest sentrale aktørane i tysk vitskap på 30-talet, og er motivet for ein hyllest frå aLittleGerman. Ho er designeren bak mange av dei flotte mullaplakatane, samt øyredobbane som vi har presentert her i bloggen tidlegare.
Ei hyllest av ein av Tysklands store vitskapsmenn
Denne vakre figuren ønskjer aLittleGerman å gje vekk, til den som kjem på den beste grunnen til at akkurat dei skal få den. Og eg anbefalar alle å sende inn sine forslag. For det skal eg òg.

Så kom igjen, bli med på konkurranse og vinn ein tysk vitskapsmann.

3 kommentarer:

  1. Eg trudde først du hadde lurt Thomas med på eit eller anna no, men dette var jo nesten betre.

    SvarSlett
  2. Dette virker kjent. Kan jeg ha sett noe om det på kino?

    SvarSlett
  3. Bad Mynock: Hadde det vore eg som organiserte konkurransa så...

    @Svein: Ja, det vart produsert ein propagandistisk dokumentarfilm om hans siste dagar på 80-talet.

    SvarSlett