tysdag 1. februar 2011

Støtt frøken Rasmussen

Foto: Arnfinn Pettersen (CC-BY)
Eg vil gjerne nytte kvelden til å følgje ei oppmoding frå ein viss tvilsom venn, og sende ei lita støtteerklæring til Sara Mats Azmeh Rasmussen som i disse dagar sitt utanfor Calmeyersgate 8 i Oslo, lokala til godfolka i Islams Råd Norge. Den fråfalne lesbiske muslimen og tidlegare medlem av Human-Etisk Forbund protesterar mot at IRN aldri har, i klare ordelag, tatt avstand frå dødsstraff mot homofili grunngjeven i Islamsk lov, særleg i Iran. Dei har komen med vage insisteringar på at dei er i mot dødsstraff, då det ikkje er ein del av norsk lov, men ein god prinsippiell ståstad mot dødsstraff for homofili har uteblitt.


Dei færraste moderne muslimar klarar å ta innover seg at medan Koranen gjerne har fordømt mannekos (og jentekos for den saks skuld), så har kulturen og litteraturen hatt langt større takhøyde i dei gode gamle dagar. Det er med moderniteten og vestleg samfunnsstruktur at islamsk kultur har blitt så homofiendtleg som den er no. I dei gode gamle dagar var gjerne den arabiske verda ein skjulestad for europeiske homsar. Tenkje seg til. Ting har endra seg. Båe aksepten og diskrimineringa av homofile kan ein oppsummere i ei enkel apokryf åtvaring frå Profeten (fvmh) om å unngå blikket til kjekke unge menn, då dei kan lokke ein til allskens sprell. I dette ligg kimen båe til den homoerotiske poesien den islamske verda har gjeven oss, samt Irans dødsstraff mot bøgar.


Så om du ønskjer at IRN skal komme med klar tale, så gå og gje di støtte til frøken Rasmussen. Eg er kanskje ikkje einig i alt ho har funne på oppgjennom åra, men her tykkjer eg hennar krav er rimeleg.


Og dersom du vil ha noko å sove på - tenk på følgjande: Iran er det landet etter Thailand der det vert utførd flest kjønsskifter, og staten tar ein del av kostnadane. Gode gamle Ayatollah Khomeini var ein stor forkjempar for at dei som sleit med sin kjønsidentitet skulle få dette tilbodet, slik at dei kunne leve i eit heteroseksuelt forhold.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar