måndag 21. mars 2011

Den nye klassekampen

Eg gjer often den store tabben å sjekke ut nye amerikanske tv-seriar. Det er mykje der ute som openbart er eit resultat av at nokon låg med rett person og trumfa gjennom prosjektet sitt på det viset. Vanlegvis klarar eg å motstå å sjekke ut nye situasjonskomediar, då dette som oftast førar til kraftige brekningar og grundig nedvask av moskeen. Trist, men sant, det er ikkje mykje som faktisk er morosamt der ute.

Men avogtil vert eg lurt. Eit eller anna med tittelen, skodespelarane eller konseptet gjer at eg får lyst til å sjå om dei har klart det. Avogtil stemmer det, men som oftast ikkje. Så når dei i statane i desse tider lanserte situasjonskomedien "Working class", som då på sett og vis skal belyse arbeidarklassas problem i amerika i lys av den økonomiske krisa vert eg sjølvsagt nyfiken. Vi følgjer her ei kvit, åleinemor som må jobbe hardt for å skaffe mat på bordet til barna sine. Her er det mykje rom for drive systemkritikk i ein eller annan form, og kanskje belyse klassemotsetnadar. I det minste burde ein slik serie faktisk framstille finanskrisa med den verde den forten.

Eller nei, tydlegvis treng den ikkje det. Eg har no vridd meg i smerte gjennom dei tre første episodane av serien og eg er rimeleg satt ut. Eg hadde ikkje store forventingane til amerikansk klasseanalyse... men, altså...

Vi vert her presentert for den høge blondina, som bur i eit rimeleg stort hus med sine tre barn og dagdrivande bror. Ho jobbar i ein delikattese. Korleis ho har råd til dette huset, men ikkje mjølk til sine born, vert ikkje forklart, men det lille vi har sett av fattigdom i desse tre episodane består av følgjande: vitser rundt at borna ikkje har nok frukostblanding og mjølk, hennar stevnemøte med tannlegen for å sleppe å betale tannlegekostnadane og til slutt den rike nye dama til eksen som gjer hovudpersonen sjalu.

Og i ein episoden låg det faktisk an til ein real arbeidskonflikt. Ja, for hovudpersonen hadde lagt an på sjefen før ho visste han var sjefen. Og ja, klagd litt på rabattordningane på kaffe eller noko slikt. Men det gjekk i orden, han likte arbeidarar med litt tæl, og ho kunne kanskje ta managmentkurset deira. Ein dag. I framtida.

Kva så er det gjennomgåande temaet i serien? Dama prøver å få seg eit ligg. For det er det som stort sett står i fokus for ei opplyst arbeidarklasse i krisetider. Gløym arbeidarrettar. Gløym mat på bordet til ungane. Gløym nedbetalingar av det enorme jævla huset du bur i. Få deg eit jævla ligg.

Dette er den nye klassekampen. Konfliktlaust. Utan medvite. Og utan liv.

Og ikkje særleg morosamt.

Eg ser ikkje fleire episodar. Det er berre deprimerande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar