torsdag 10. mars 2011

DLD, eit tapt slag

Skuld på EU, skuld på redsel eller skuld på manglande klinkekular i posen mellom beina på Høgre, men no har altså siste skanse falt og all skuld vert sjølvsagt lagt på Høgre som det siste partiet som gjekk inn for Datalagringsdirektivet. Det er sjølvsagt ein styggedom at eit såkalla liberalt parti skal gå inn for den slags autoritært politistatpiss, men inga overrasking - når nokon seier dei er liberale, så meiner dei gjerne at dei vil la deg vere fri til å gjere det dei meiner du skal gjere. Det gjeld uansett om dei er på høgre- eller venstresida av politikken. Dei ønskjer makt. Dei ønskjer å styre. Ein kvar påstand om liberalitet er og blir tomme løfter.

Så no er det rimeleg sikkert at vi får servert Datalagringsdirektivet, og vi serverar vårt privatliv på eit sølvfat til norske politimyndigheiter, og i utvida forstand til internasjonale etterforskingsorgan og ein kvar som er i stand til å hacke seg inn i dei puslete systema som vil verte tatt i bruk.

For all del, ein skal ikkje verte hysterisk eller overdrive, men det er verkeleg ikkje sunt å gje etter for eit kvart forslag om meir omfattande og meir effektiv overvaking, berre fordi ein tykkjer terroristar og pedofile er skumle. Det kan slå attende på deg sjølv. Neste gong du lastar ned noko du ikkje skulle ha lasta ned. Neste gong du er på feil stad med mobilen, og vips er du mistenkt i ei valdtektssak.

Og kvifor? For å gjere oss tryggare?

Og la oss no vere ærlege, Datalagringsdirektivet og liknande tiltak er skadeleg for norsk presse. For i all den tid dette gjer sjølveksponering fullstendig overflødig vil ikkje det lenger vere naudsynt å dekke Northug eller Trine Grung og Voe... det vil føre til ei ramponering av norsk presse. Ei utarming av kultursektoren!

Det er jo ei katastrofe... har dei tenkt på det i det heile tatt i Høgre og Arbeidarpartiet? Neppe. For alle desse journalistane er jo i SV.

3 kommentarer:

  1. Så lenge det bare er å kikke på fjasboka for å få en profil etterretningen bare kunne drømme om for noen år siden selv med datalagring... så vil vi oss selv vondt også.
    Ikke for det, det unnskylder ikke Høire og Arbeiderpartiet på noe som helst vis. Poenget er bare at vi er så vant til diverse former for overvåkning at vi med stor entusiasme oppdaterer og fyller ut dataene sjæl...

    SvarSlett
  2. Akkurat! Dagspressa og Facebook vert overflødig! Det vil vere ei katastrofe for økonomien!

    SvarSlett
  3. der har vi argumentene som ville overtalt høire. Drit i anstendighet og sånt, men hvis det gjør at den rette gruppen rikinger taper penger...da må man bare være mot.

    SvarSlett