torsdag 24. mars 2011

FrP-skandaler...

Du stoler på din ungdom med denne mannen, sant?
Få kan arrangere skandaler som Framstegspartiet, denne ansamlinga av halvkriminelle, pseudorasistiske liksomliberalistar som gjer det så godt i opinionsmålingane. Seinast ut er altså ordførarkandidaten Trond Birkedal som har filma unge menn (ned i 15 års aldaren) med skjult kamera, i sin eigen heim, medan dei dusja. Ja, og så har han invitert gutane med seg på kosetur til Thailand. Og ja, hatt sex med ein femtenåring visstnok. Vi snakkar om same mannen som meiner at seksualforbrytarar må straffast med kastrering. Her er slit vi litt med nokre demonar tenkjer eg.

Partileiinga går gjennom sitt vante spel. Dei har aldri høyrd om dette sjølvsagt. Og når nokon seier at dei har fortald leiinga om alt, så vert historia at dei kunne ikkje gjere noko basert på rykter. Hallo?! Sjølvsagt ikkje. I motsetnad til Vatikanet, så kan altså ikkje FrP ta stilling til kva deira enkelte tillitsvalte finn på av ulovleg snusk.

Det får jo vere grenser.

Det er når FrP, moralens voktere, slår på stortromma, og fyrar opp dei beste skandalene dei kan finne på, at ein vert ståande og stirre. For kva kan ein eigentleg seie? Sakene treng verkeleg ingen kommentar. Og satire vert overflødig.

Berre tenk på at dette... dette partiet stemmer folk på.

Orsak meg medan eg slår hovudet i pulten eit par gonger.

11 kommentarer:

  1. Gjer det noko om eg stemmer i?

    Dunk, dunk, dunk, dunk.

    SvarSlett
  2. Jeg synes han kan gå foran med et godt eksempel og la seg kjemisk kastrere.

    SvarSlett
  3. Hvis en frp peson ble tatt for noe sånt, tenk hva som gjemmer seg bak sv og ap politikere... Norske politikere er en skam. De reflektereer den norske befolkningen.

    SvarSlett
  4. Forstår eg bloggverda rett? Tagga du denne med homseri? I so tilfelle - topp! Men kvar vert det av sopar-taggen?

    SvarSlett
  5. Kunne ikke la være å tenke på denne da jeg hørte om saken: "Anti-Gay Congressman Caught In Affair With Horse"
    http://www.theonion.com/video/breaking-antigay-congressman-caught-in-affair-with,19064/

    SvarSlett
  6. Folk stemmer på dei, ja, og dette vil nok heller ikkje endre på det.

    Kanskje dei misser ein par homofobe tullingar frå grissgrente strøk og frå gølvet, men samtidig er jo den sosialistiske pressa ute etter å ta Siv & co. Slikt er jo alltid ein stemmesankar for desse folka.

    De har nok rett de andre. Det er berre å stemme i: *dunk dunk dunk*

    SvarSlett
  7. Liv-Marit & Dan Raoul; Jo, fleire, jo betre. Dunk. Dunk. Dunk. Dunk.

    Lycitea: Personleg er eg i mot kjemisk kastrering av pederastar, men det er fordi eg er så frykteleg liberal av meg.

    Anonym 00.15: Nei, sei det. Desse 'pesonane' i FrP trur eg 'reflektereer' eit særskilt segment av Noregs befolking. Skandaler i andre parti pleier å verte handtert med litt meir stil, og mindre snubling. Jamfør Nazisamen i arbeidarpartiet.

    Inger Lene: Sopartaggen er litt for snever for min smak, homseri dekker det meste av erotisk spenning mellom samkjønna individ, og ikkje berre annleisseksuelle som i dette tilfellet.

    Anonym 00:44: Ingenting å seie på The Onion. Beste nyhendekjelda i USA.

    Bad Mynock: Nei, ingenting kan stogge det som kjem. Det er uomgjengeleg at når vi er ferdig med badet, så trekk vi ut korken. Og korken vert snart trukken ut på det norske velferdssamfunnet. Plop!

    Dunk. Dunk. Dunk.

    SvarSlett
  8. Hadde jeg blitt lurt og sendt Birkedal nakenfoto, så hadde jeg anmeldt han til politiet uten å nøle.

    SvarSlett
  9. Ja, kan eg forstå.

    Det er annleis når ein send bileta til ein mulla.

    SvarSlett
  10. For meg var det verste då Per Willy skreiv sarkastisk "takk for det du har påført partiet". Det verste her er visst at Frp sitt gode namn og rykte vart skada.

    Det heile synte enormt hykleri. Frp er jo dei som høgst talar om "omsyn til ofra" - men nei, akkurat som dei andre partia, er nok Frp fyrst og fremst ute etter makt. Prinsippa kjem i andre rekkje.

    SvarSlett