tysdag 1. mars 2011

Ghaddafi, ein sur frukt å tygge i.

Hans auger er som to brønner. Ikkje djuper brønner,
og vatnet er kanskje ikkje av det reinaste slaget...
men to brønner er dei.
Det er dei som har etterlyst mullaens posisjon vedrørande omveltingane som finn stad i midtausten i desse dagar, og dei har kommentert at eg kanskje har vore ukarakteristisk tyst om temaet. Dei som kjenner meg godt, veit at dette nok har sine årsaker. Eg ønskjer omveltingane i Tunisia og Egypt velkomen, men som årelang beundrar av Ghadaffi som politikar, og musikar under namnet Tom Jones, er det litt surrealistisk å følgje hendingane. Kva skal ein meine og tru om noko slikt?

Ghadaffi har alltid vore ein pittelitt eksentrisk, men velmeinande, herremann; og å gå i hans teneste har ikkje alltid vore like lett, då han ofte endra meining om båe det eine og det andre utan forvarsel. Ghadaffi er ingenting om ikkje ein stilfull sjarmør, alltid ypperleg kledd, og alltid busatt i det siste av teltmoter. Han har alltid stått sterkt på krava når det gjeld kampen mot islamisme, som i hans pressemelding om satanistane i Taliban og hans tale den eine gongen han fekk vitje Sudan og gjekk til åtak på det muslimske brorskap - hans vertskap. Og han har alltid vore ein progressiv reformator, som då han køyrde gjennom veggen på eit av landets største fengsel i staden for berre å signere eit generelt amnesti.

Kan du seie nei til ein mann som held seg så godt og stilfullt?
Kom igjen, innrøm det, du vil gje denne mannen alt.
ALT seier eg.
Han var ein mann som ikkje følgde dei konvensjonelle reglane, men skreiv sine eigne. Eller fekk nokon til å skrive dei for han, som i tilfellet med Ghadaffis Lille Grøne bok som alltid har hatt ein særskilt plass her i moskeen som ein rettesnor i vår vurdering av det moderne vestlege demokrati og politiske tendensar. Han var ein inspirator for frigjeringsmenn og terroristar frå verda over, som alle kunne få trening i Libya. Han var mannen som kunne sameine venstreekstremistar og høgreekstremistar i kamp for ei ny verdsordning.

Er det rart at vi fortviler litt når han no ser ut til å falle...?

Akk, men her er det sure epler å bite fast i, og mullaen er strengt tatt allergisk. Folkevilja har vendt seg mot denne folkets mann, og han må gå. Dei politiske strukturane han jobba for å få på plass etter revolusjonen, som han har nedfellt i den lille boka si, har no vendt seg mot han. Den makt det libyske folk fekk av sin eineveldige hersker vert no vendt mot han sjølv.

Ghadaffi var alltid for ein frukt å rekne, og er no overmoden. Mullaen må nok finne seg eit nytt førebilete...

Heldigvis kan han alltids ty til ein karriere som songer.


3 kommentarer:

  1. Ja her er mangt og meget å tygge på.
    Dette med å få noen til å skrive for seg, er visst noe som går i familien.
    Jeg har sett at sønnens PhD (fra LSE -intet mindre) er under gransking både for "ghost writing" og plagiat. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/africaandindianocean/libya/8354592/Libya-LSE-investigates-Gaddafi-son-plagiarism-claims.html

    Og siden dette med kvalitet, lødighet, reviewers og slikt er brakt på bane, -og siden gubben G selv ser ut til å falle inn i et "bunkers-syndrom": Her er en (av mange) artige omtekstinger av "Downfall": http://www.youtube.com/watch?v=-VRBWLpYCPY

    Cassanders
    In Cod we trust

    SvarSlett
  2. Og her gikk jeg rundt og trodde hans musikalske alter ego var Brian Johnson? Føler meg litt dum nå...

    SvarSlett
  3. @Cassanders: Altså... sønnene hans er openbart råtne epler. Eg mistenkjer det er deira råte som har smitta over på min store helt.

    @Kristian: Ja, det burde du nesten! Det er jo openbart at det er Tom Jones!

    SvarSlett