tysdag 22. mars 2011

Hjelp til søvnhjelp

Det er mange som har problem med å få sove, og dette tar vi i moskeen veldig alvorleg. Søvn er viktig for at du skal kunne fungere godt i kvardagen, og vi meiner det er særs verdifullt med ei god døgnrytme Vi har lenge vurdert å marknadsføre ulike remediar for innsovningsproblem. Her er alt frå piller, røykelse og meditasjons CDar vurdert.

Særleg sistnemnte har komen langt i planleggingsprosessen, og vi har vore veldig entusiastiske for prosjektet. For kven vil vel ikkje sovne og sove godt til mullaens mjuke, lindrande stemme? Dette har lenge vore planen, men vi har no bestemt oss for å leggje prosjektet på is. Vi har møtt vår overmann i Matt Berry, som har gjett oss denne vakre oppskrifta på ein solid høneblund. Så lukk dura, ta på øyretelefonane og skru av lyset. And press play on tape.

Var ikkje det godt? Vi kan diverre ikkje måle oss med dette, så vi kastar inn handkledet og går vidare til neste prosjekt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar