søndag 27. mars 2011

In memoriam isbjørnen Knut

Martyren Knut vil verte djupn sakna av motstandsrørsla.
Denne veka har det vore stor merksemd rundt dødsfallet til isbjørnen Knut. Media har fråtsa i allskens detaljar, i livet til den ein gong så populære isbjørnen som vann våre hjartar då han vart fødd. Fråtsinga har tilogmed gått så langt at visse medier har godta seg med å vise opptak av han medan han døydde. Det heile er eit grusomt og hjarteknusande syn, som eg foretrekk ikkje å dele med dykk. Av respekt for Knut.

Det dei færraste artiklar våger å nemne er kvifor han er død. Det vert spekulert sjølvsagt, i laust og fast. Og berre ein artikkel var innom sanninga. Knut vart forgifta.

Det vart sjølvsagt snøgt dekka over, med ulike meir "naturlege" forklaringar på det bråe dødsfallet. Men sanninga er ute, og vil alltid vere ute!

Dei som ønskte å kvitte seg med Knut, har prøvd tidlegare. Førre gong ved hjelp av vondsinna rykter om at han var eit villdyr. Ein psykopat sa dei. Men det heile var ein dårleg skjult pressekampanje mot han, fordi han hadde gjort noko dei ikkje tolererte. Han hadde drept ein av dei.

For Knut vart drept, i ein nøye planlagd hemnaksjon. Og dei skuldige er Pandamonium. Desse usle pandabjørnane har hata han heilt sidan han drepte pandabjørnen Yan Yan i mars av 2007. Altså kort tid etter han vart fødd. Som ein av få kommentatorar, beit eg meg merke i korleis den auka merksemda rundt den reelt søte Knut, drepte det stygge beistet Yan Yan. Mangelen på merksemd drepte henne. Dette har aldri Pandamonium kunne tilgje, og dei har no - 4 år etter, nesten på veka - tatt hemn for.

Og merk mine ord! Vi skal ikkje tolerere det. Vi skal ta hemn! Vi har lenge trent kampfuglar for denne jobben! Og vi vil aldri overgje oss!

Ned med Pandamonium! Lenge leve Knut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar