måndag 14. mars 2011

Katten på veggen

Mullaen har vore på tulletur att, som de sikkert har fått med dykk. Det var ein minneverdig tur, det skal vere sikkert og visst, men korvidt noko av det hamnar her, vil berre framtida vise. Midlertidig kan vi dele med dykk at vi endeleg har fått fingen ut og pynta litt på mullaens kontor, og fått hengt opp ei lita godsak som har venta eit halvt års tid. Og det vart vakkert!
Så no kan studentane straume på og sole seg i glansen av Hello Kitty... eller rettare sagt; meir Hello Kitty. Å glade dag!

2 kommentarer:

  1. Kan du ikkje berre male alle veggane på kontoret ditt rosa med ein gong og bli ferdig med det? :-)

    SvarSlett
  2. Trur diverre eigedomsavdelinga vil klage på eit slikt tiltak.

    SvarSlett