tysdag 8. mars 2011

Kvinnefri kvinnedag

Ein må vere varsam med å stagnere i vaner og rutiner av ulikt slag. Er det ein ting ein har lært av kvinnekampen, så må det jo vere det. Ein skal ikkje vere redd for å snu opp og ned på sine vanlege gjeremål, og utfordre konvesjonane. Sjølv om ein alltid har gjort noko på eit bestemt vis, så tyder ikkje det at ein treng å gjere det på same vis for all tid framover. Det er ikkje sikkert at det viset du har gjort ting på til no, er det beste viset å gjere det. Det er ein lærdom eg har tatt av kvinnekampen, og det er ein lærdom eg prøver å implementere i mitt liv.

Så sjølv om eg i fjor kunne fortelje at eg markerte kvinnedagen ved å sette kvinna og hennar arbeid i fokus, og via dagen min til å sette pris på at ho bakte boller og laga middag for meg, og jamnt over tok vare på meg frå første stund etter eg kom heim etter jobb, tyder ikkje det at eg treng å gjere det same i år? Kanskje fokuset skulle vere ein annan stad? Eit spørsmål som lett lot seg svare av at det i år ikkje er noko kvinne i moskeen som ventar på ein sliten mulla når han kjem ramlande inn døra og vil henge frå seg slipset for dagen.

Det vart med ord ei kvinnefri kvinnedag for mullaen, og då er det like så greit å gjere det på eit fullstendig vis og tilbringe dagen på reisefot, og ikkje i heimen som tradisjonelt har vore kvinna sitt domene, og i selskap av menn, og berre menn. Mannlege, mandige, maskuline menn.

Så dette har vore den kvinnefrie kvinnedagen for mullaen, først i selskap av den flintskalla sekretæren til Lord Bassington-Bassington, i lordens eiget herrskapshus (ei lita leiligheit, men i det minste ikkje på Tøyen), for deretter ein jovial gamal ørn frå mullaens glade studiedagar, tett etterfølgd av ein tidlegare generalsekretær i Islamsk råd. Deretter vart mullaen plukka opp på gata av ein sjarmerande mann i lederhosen og tyrolerhatt som kunne lokke med godsaker frå Bayern (og nei, det var nok ikkje øl, for den slags drikk ikkje ein god mulla).

Så det går an, mine damar og herrar, ein kan bryte med tradisjonar, og ein kan markere kvinnedagen med å ha kvinnefri. La oss kalle det å la dei vere i fred på dagen sin.

Vel og merke heilt fri var vi jo ikkje, det var ei ung jente som ville selge medlemskap i Raude kross. Og så satt vi jo ved sida av ei kvinne på toget. Ja, og så var det SMSane frå yndige vesen heime i Bergen då, men det tels ikkje, gjer det?

Men elles, heilt fri. Så eg vonar at alle dykk kvinnelege lesarar og gjestar av moskeen har hatt ein fin dag via husvask, klesvask, barnepass, matlaging og baking, og at de no kan sette dykk ned og slappe av med å strikke sokker eller sy i knappar på din utkåras bukser. Gratulerar med kvinnedagen, systre.

P.S. Forøvreg meiner eg at Hanne Nabintu Herland burde gå i burka. Under tvang om naudsynt.

2 kommentarer:

  1. Du kan jo avslutte dagen med denne? http://www.youtube.com/watch?v=GCgNSeaa15k

    SvarSlett