torsdag 3. mars 2011

Norsk presse må lære av Uganda

Det er mange som er skuffa over norsk tabloidpresse - det virker ikkje som om blekker som VG og Dagbladet tar jobben sin heilt alvorleg. Difor er det vel heller ikkje særleg rart at det går til nedover med salstala deira. Det er jo ikkje anna enn bloggerar og sjølvopptatte sporstidiotar på framsida, når det ikkje då er slanketips eller anna helsestoff. Det er klart folk vert lei av denslags amatørmessig tabloid sludder.

Sjølv i Uganda har pressa komen mykje lenger i å dekke det faktiske nyhendekravet til sine lesarar. Som denne ypperlege overskrifta, og saka!
Ikkje berre ein god bruk av feite typer og kontrast, men folkeopplysing. Og så litt sexstoff for dei som likar slikt. Dei har tilogmed eit fabelaktig nyord, noko som alle aviser med respekt for seg sjølv bør ha, i dette tilfellet "Bum Driller" - det skal eg ta i bruk i mi daglegtale frå no av. Og så sørger dei for å køyre minoritetssak - båe annleispigmenterte (ja, dei er jo det sett herifrå!) og annleisseksuelle! Fabelaktig!

Så her har norsk presse mykje å lære...

Vi andre, vi har lært at Uganda kanskje ikkje er den kjekkaste staden å vere, om ein er ein "bum driller". Himmel...

2 kommentarer:

  1. http://www.youtube.com/watch?v=MFeJJAQPiK4

    SvarSlett
  2. Det er ikkje laga nok hyllester av Babyface Amin!

    SvarSlett