laurdag 12. mars 2011

Om kjøp og salg - av barn.

Det er kanskje ikkje verdas mest kontroversielle standpunkt å vere i mot kjøp og salg av små barn. Det er noko hjarteskjærande over tanken på at foreldre er villige til å gje frå seg sine barn for å kunne ha mat til å overleve ein dag eller ei veke på inntekta frå det. Like vondt er det å tenkje på at nokon faktisk er villig til å kjøpe dei. Barn er ikkje som bøker, møbler og andre ting som berre kan selgast når ein er lei av dei. Solgt til første og beste pamp med for mykje pengar, og for lite å fylle livet sitt med, eller nærmaste fabrikk som prodserar Nike-sko eller Cubusklede.

Barna har det best hjå sine foreldre, og berre det å ta dei frå dei er vel å rekne som eit overgrep!

Difor gjev mullaen si fulle støtte til kampanja som breier seg på t-banen i Oslo, eg har sett plakatar på den på kvar einaste vogn eg har vore på i dei siste dagane.
Så, ja, neste gong du tenkjer på å kjøpe eit barn, så hugs at det finnes alternativ. Anten det no er ein søt liten negerunge på marknaden i Uganda eller eit nusseleg lite gult frø i Phuket, så må du vurdere kva behovet ditt eigentleg er. Treng du eit nytt barn, permanent, eller treng du nokon til å sy nokre klede eller fikse nokre sko? Det kan godt hende du berre treng denne ungen nokre dagar eller timar, og då er det grusomt å ta dei frå foreldra sine permanent. Vil du vere som eit av desse ekle menneska som skaffar deg ein katt, og så kvitter deg med den neste gong du skal på ferie? Nei, det vil du ikkje. Så hugs det neste gong, ver merksam på kva avstand du skapar mellom foreldre og barn ved kjøp og sal - barn bør leigast.

2 kommentarer:

  1. Eg er stygt redd for at dette berre er FRP-propaganda i forkledning. Nordmenn har ein tendens til å instrumentalisere forhold, også mellommenneskelege. Når ein då seier at du kan kjøpe deg fri frå ansvar, frå heftingar, frå arveavgift berre fordi du kan leiga born i staden for å kjøpe, så trur eg at mange vel denne lettaste vegen ut. I bunn og grunn er det dog menneskeforakt - det tek ikkje med korkje ansvaret overfor eit svakare medmenneske eller gleda over å vere nært knytta eit barn.

    Eg trur mullaen her ikkje berre har gått på toget, men også på limpinnen til dei som skal reinske samfunnet vårt for uønska element.

    SvarSlett
  2. Eg må med all respekt protestere mot denne påståande. Eg prøver her å bevare bornet og dets band til sine foreldre. Det er eit viktig band. Vil du øydeleggje familieeininga, er det dèt du vil?!

    SvarSlett