torsdag 10. mars 2011

Pandabjørnar vert krøka tidleg

Gode krokar er desse motbydlege feite vegeterianarane som med grådig blikk ser mot ei framtid der dei er jordas herskerar. Eg vil nødig hevde at nokon som helst er fødd vonde, men mykje tyder på at pandabjørnar er dèt, dei vert i det minste tidleg sosialisert inn i si rolle som brutale drapsmaskiner. Ein av våre fridomskjemperar har klart å smugle ut eit videoopptak frå det vi antar er ein av mange leirer der pandababyer vert trent opp til å verte komande pandakommandoar og anna rask i Pandamoniums veksande hær. Vi åtvarar mot sterke scener:



Ein ting er iallefall sikkert. Alt tyder på at vår gjerdeteknologi ikkje er avansert nok til å motstå desse kreka i framtida. Vi må utvikle høgare gjerder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar