laurdag 12. mars 2011

Slank med slim, slim deg slank

Å slanke seg er ikkje lett, men tydlegvis ein hobby for mange. Det vert prøvd det meste, med meir eller mindre hell. Frå besynderlege diettar der ein aktivt pådrar seg ernæringsjukdomar til mindre populære fysiske aktivitetar som kan føre til sveitte og slikt og som ikkje eignar seg for dei som går i dress. Populært har ulike slankepulver vore, då dette er det som krev minst innsats av deg. Utanom dei som krev at du ikkje et ved sida av pulveret då. Dei er berre teite!

Og så har vi slankeste. Sliming. Kva sliming som foregår, anar eg ikkje... men effektivt skal det vere, om ein skal tru pakkene eg fann her forleden i lag med min assistent.
Kven vil vel ikkje... slimast litt? Slik som dama på øskja? Og berre for å vere sikker, så sjekka eg ut dei fleirfaldige fordelane ved sliming:
Som merkelappen indikerar, så passar dette veldig bra for dei som ikkje har lyst til å kontrollere matinntaket sitt og som er bifile. Flotte saker!
Hugs å ikkje koke slimet ditt... og lukke til.

4 kommentarer:

  1. Etter to uker med halsbetennelse kan jeg bekrefte at sliming er vektreduserende.
    Ellers bør jo bendelormegg virkelig nevnes når heslige slankekurer kommer på banen. At noen faktisk får seg til å anbefale det...

    SvarSlett
  2. Har du meir av den halsbetenninga? Tar gjerne litt om det er billigare enn slimpulveret.

    SvarSlett