fredag 4. mars 2011

Teposeprotest mot multikulturalisme

Kva er det eigentleg i denne tekoppen deira?
Eit veksande antal menneske der ute er veldig sinte på multikulturalistane og deira multikultiprosjekt! Ja, dette grusomme prosjekt, satt ut i liv av ein skuggeaktig konspirasjon for å øydeleggje alt som er godt i Noreg og resten av den kvite vestlege verda der god, sunn kristendom til no har fått vore eineherskande (utanom i dei tilfella det ikkje har vore det, sjølvsagt). Ja, for multikulturalismen, kva no enn det er for noko, er vondskap satt i system og fører til valdekt og trygdesnyting - det har eg lest på internett. Over dammen har desse stolte krigarar for vår monokulturalismen(?) alliert seg med teapartyrørsla, tidlegare teabaggers, som dei insisterar handlar om forsvarleg skattepolitikk. Ja, talsmenn for desse vert slept til Noreg for å fortelje oss korleis vi skal motkjempe den øydeleggjande multikulturalistiske sosialistiske skattepolitikken.

Og så er det dei av oss som stussar over dei eigentlege motiva for tedrikkande monokulturalistar når ein ser slike videoar frå andre sida av andedammen - for retorikken er lik, men kontekst sett det heile i eit nytt lys, gjer det ikkje?

Vi kallar det rasisme der eg kjem frå, la oss vere ærlege. Kanskje noko å tenkje på for monokulturalistane her heime neste gong dei går ut for å starte eit bål?

8 kommentarer:

  1. Tidene forandrer seg raskt. Husker for bare fire-fem år siden, da Fox News hadde hoderystende reportasjer om europeisk fremmed- og innvandringsfiendtlighet.

    SvarSlett
  2. Eg tykkjer Fox er best når dei meiner dette er vanlege folk som uttrykker vanlege frustrasjonar, men medan nokon på andre fløyen demonstrerar er dei gærne kommunistar.

    Alle er så søte om dagen.

    SvarSlett
  3. Men kommunister er jo ikke gærne. De er onde. Onde og utspekulerte. Og vil abortere barna dine. Såh.

    SvarSlett
  4. Fy faen, disse menneskene er bare skumle. :( Får meg ikke til å skrive noe morsomt om såpass åpenlys rasisme. :(

    SvarSlett
  5. Looooooooonies! Som det sies i klippet: "I don't even care if you think I'm crazy anymore..." Well thanks for stating the bleeing obivous lady! Sprø, sprø mennesker.

    Ikke virker det som de aner hvilket arrangement de protesterer mot og ei heller hva de selv gjør der. Triste, triste mennesker.

    SvarSlett
  6. Å fy faen...amerikanerne har lært av Europa nå, ser det ut som.

    SvarSlett
  7. På den annen side: Skal vi tro Ed Royce - en av talerne - var ikke dette helt uskyldige muslimer, men folk med temmelig ekstreme sympatier. Noe som selvsagt ikke rettferdiggjør slagordene mot Muhammed (FVMH). http://www.royce.house.gov/News/DocumentSingle.aspx?DocumentID=227304

    SvarSlett
  8. @Anders: Ja! Kommunistar har utførd minst tre abortar på meg berre den siste månaden. Eg burde sikkert slanke meg om dette held fram.

    @Sersjant: Nei, sant? Altfor mykje av slikt no. Vanskeleg å vere morosam. Eg er imponert over meg sjølv ;-P

    @Anonym: Rasistar bryr seg ikkje. Dei har eit veldig aktivt fiendebilete.

    @John: Royce er vel kanskje ikkje akkurat truverdig etter dette?

    SvarSlett