måndag 7. mars 2011

Toginnlegg - eit ikkje-innlegg

Eit slikt eit beist har fanga mullaen i dag.
Visste de at NSB no har trådlaust nett på Bergensbanen? Og at mullaen difor kan sitte her og skrive dette før han pakkar ned tingane sine og trer ut på perongen på Oslo S?

Altså... at dei har trådlaust nett er vel kanskje å ta litt hardt i. Ustabile greier som har vore totalt fråverande på stort sett heile turen. Først når vi var over fjella kunne vi nyte nokonlunde tilstadeverande nett. Her kastar eg eit blikk mot NSB; eg veit at dette er eit nytt konsept, og at alt er under utprøving, men ustabilt nett er faktisk meir irriterande enn fråverande nett, berre så det er sagt. Og vestlandet, vestlandet treng dykkar nettsatsing og. Så ver snill og tenk på det til i morgon, for då skal eg ta toget heim att. Det vert ikkje før på ettermiddagen, så de har litt tid til å organisere det.

På førehand takk.

Dette var eigentleg ikkje eit blogginnlegg, eg veit. Det var totalt uinteressant for alle involverte. Inkludert meg... men slik er det med kroniske bloggarar med ledig tid etter å ha fullført eit dagsverk sittande på toget, vi berre må blogge. Har vi tilgang, så har vi tilgang.

Så var det Laibach då...

3 kommentarer:

  1. Jeg hadde samme opplevelsen som mullahen da undertegnede pastor tok nattoget østover i starten av februar. Tanken fra NSB sin side er nok god, men Vestlandet med sine bratte fjell, lange tunneler og jernbanespor ganske langt fra allfar (bil)vei gjør sitt til at frustrasjonen blir omvendt proporsjonalt med dekning for mobilt 'bredbånd' (sytråd?).

    Og ikke gled deg for tidlig, kjære mullah. Det er ikke montert nettverksutstyr i alle togsett ennå. Så på veien tilbake måtte jeg bruke mitt eget mobiladapter, med omtrent samme begredelige resultat. Spørs om vi ikke må gå sammen om å gi mobiloperatørene noen kraftige teologiske hint.

    SvarSlett
  2. @Svein: Laidback er lounge-coverbandet av Laibach

    @Sekkelsten: Eg er heilt klart for eit økumenisk samarbeid for å betre det trådlause nettet til NSB. Her trengst det ei kampanje, ikkje minst fordi din spådom om manglande nett på heimturen gjekk i oppfylling.

    SvarSlett