onsdag 2. mars 2011

Vaksine mot dårskap?

Dette landet er openbart stappfullt av lettlurte fjols som ikkje forten anna enn den elenda dei klarar å surre seg inn i. Anten dei no lar seg lure av The Secret, antivaksinevrøvl eller forklaringar på kven som eigentleg styrar verda. Det virker som om folk vil la seg lure av allskens idioti så lenge det kjem i tiltalande nok innpakning, og beskytta av påstandar om at deira sanning er like mykje verdt som alle andre si. Noko som er patentert pisspreik, og den neste som nekter for at dei sitt på ein fysisk stol, skal få tresmak i kjeften.

Til dette trengst det ei motvekt. Ei kraftig motvekt. Og i dag lanserte desse underlege folka i Human-Etisk Forbund sitt tilsvar med ingenlikeråblilurt.no, som er ei side som ikkje berre samlar lenger til farleg vrøvl, men byr på videoar og artiklar som skal lære folk ein gløymd kunst: Å BRUKE SKALLEN FOR SVARTE FAEN!

Eg vil på det sterkaste tilråde folk å snuble innom sida og eventuelt like prosjektet på fjasebokji. Om det ikkje var fordi det var seint på kveld, skulle eg ha fortald altmogleg rart om dette, men eg overlet dykk til å lese om prosjektet hjå Fri Tanke og på human.no. Dette er strengt tatt ein ordre.

Og eg har ikkje på noko som helst vis blitt pressa av prosjektleiar Even Gran til å skrive om dette.

Han trengte simpelthen berre å spørre ein gong.

4 kommentarer:

  1. Helt grei side, men for oss som pleier å følge bloggene til folk i det norske skeptikermiljøet, var det egentlig ikke så mye nytt.

    SvarSlett
  2. Nei, er gjerne ikkje mykje nytt for deg, eller meg, men det er diverre nytt for eit vaksande antal ignoramusar i dette vidstrakte landet.

    SvarSlett
  3. Flere burde få opp øynene for P. T. Barnum og Ambrose Bierce...kunne i alle fall ikke skade

    SvarSlett
  4. Ambrose Bierce har sjølvsagt ein æra plass i vår moskè. 10 poeng om du veit kva som er den direkte lenken mellom mullaen og Bierce.

    SvarSlett