laurdag 9. april 2011

Aldri meir 9. april?

Ein snappar det opp kvart år, denne aversjonen mot niande april. Som om dette er ein dag som helst skal gløymast, dyttast under senga eller stappast inn i det eine klesskapet med alle eksen sine attgløymde klede og sexleiketøy. "Aldri meir 9. april", ropar dei, og hyttar med nevene. Utan tanke på kven dei sårar. Eg har venar som er fødd 9. april, som altså feirar sin fødselsdag på denne dag. Kva skal dei gjere, når desse aprilhatande kriminelle får vilja si og får strykt dagen frå kalenderen? Skal vi fråta dei retten til å feire dagen dei vart fødd? Skal vi fråta dei deira rett til å vere fødd? Det luktar som ein dødsdom.

Og kva med kalenderen? Har du tenkt på korleis den vil verte sjåande ut utan 9. april? Skal vi gå rett frå 8. til 10., opprette 8,5. april, eller berre etterlate eit gapande hol og for alltid dømme denne dagen til ein slags limbotilstand. Korleis gå på jobb som ikkje eksisterar? Korleis førar du timeliste då? Har desse forbryterske kalendervandalane tenkt på dette?

Kva har 9. april gjort dei? Kva har noko dato nokon gong gjort oss? Har 9. april okkupert Noreg? Nei. Har 9. april inspirert krig og elende? Nei. Er 9. april ein imperialistisk trong, eller eit krav om Lebensraum? Nei.

Så slutt å mobb 9. april. La dagen vere i fred, og gå og plag nokon på dykkar eigen storleik.

2 kommentarer:

  1. Det er i og for seg kjekt å sjå nokon kjempe for 9. april, men det er uansett ein vaksen dato som har vore ute ein vårdag før. Han tåler nok desse lite kloke utspela ungdommen kjem med

    SvarSlett
  2. Eg er oppdratt til å slå eit slag for det som er sant og godt, uavhengig om det treng mi hjelp eller ikkje.

    SvarSlett