laurdag 2. april 2011

Fredag på ein laurdag

Etterkvart som den vestlege sivilisasjonen synk ned i avgrunnen vert det vanskelegare og vanskelegare å sjå meining i dei lågkulturelle uttrykka vi vert bombardert med. Anten det no er rosabloggerar på framsida av aviser, eller det er Rebecca Black si hjerne- og talentlause låt Friday.

Korleis skal eit tenkjande menneske imøtegå noko slikt? Omringa av åndsamøber som fortel ein at det er gale å ta til motmæle, at vi berre er arrogante og ikkje forstår kor bra det er med songer som har eit refreng som består av to ord repetert, eller vers som er så mundane at dei får Manic Monday til å framstå som Iliaden?

Eit godt vis å meistre ei slik utfordring er å gjere det kapitalismen alltid har gjort mot oss. Internaliser. Uskadleggjer. Ta over og bruk det mot dei. Som til dømes med denne versjonen av Friday som faktisk gjer låta hørbar og interessant.


Dvs. om ein likar denslags elektroniske låter og støy... noko denne mullaen gjer. Ein meir tradisjonell, intellektuell og overdådig versjon har vår kjære Stephen Colbert stått for.


Dette i samarbeid med Jimmy Fallon. Heile historia bak dette finn de her, mullaen kan jo ikkje forklare alt heller.

Elles, ha ein god kveld, sjølv om det ikkje er fredag.

8 kommentarer:

  1. Norge trenger Stephen Colbert!

    SvarSlett
  2. Du har intet talkshow, mister!

    SvarSlett
  3. Not for a lack of trying, missy!

    Burde eg ikkje hatt det, kanskje? Start underskriftskampane. Eg stiller på alle tilgjengelege kanalar, la oss ha ei anbudsrunde!

    SvarSlett
  4. *fnis* Ikke vær så innbilsk'a! Jeg konstaterte bare fakta: Du har intet talkshow. Det var ikke et ønske.

    SvarSlett
  5. Du er gjennomskua, frøken, du vil ha meg på fjernsyn opp til 4 gonger i veka. Og eg stiller eg, alt for mine gode tilhengjerar.

    SvarSlett
  6. Men jeg eier jo ingen TV, mulla.

    SvarSlett
  7. Vi legg det ut på nett-tv. Og i bloggen. Ikkje ver så problemfiksert!

    SvarSlett