måndag 25. april 2011

Rosablogging Defence League

Ein treng alle ein hobby eller to, særleg når ein sitt og ventar på eit eller anna arbeidsmarknadstiltak, og rosablogging er absolutt ein god hobby då. Her kryr det jo av meiningslause menneske som spyr ut sine trivialitetar til dei få som vil høyre på. Berre dei 'beste' vert vellukka, og klarar å tene pengar på å seie ingenting. Så då kan det komme godt med å ha erfaring med å tale til døve øyrer og små forsamlingar, gjerne overdøyvd av dei litt større folkehopane.

Ei slik erfaring vil iallefall komme godt med no når Lena Andreassen, tidlegare talskvinne for Norwegian Defence League, byrjar som rosabloggar.
Eg skriv tidlegare, for alt tyder på at hennar verv diverre var kortvarig, og dei uvaska massane no på ny har tatt opp saka som ho prøvde å reingjere. Kven kan vel gløyme hennar retoriske monsterpresentasjon i møte med TV2s reporter Kadafi;
Følg med på hennar nøye planlagde svar; ho trur kanskje at ho skal seie noko om Islam. Legg merke til korleis ho ikkje føler seg trua av den muslimske journalisten, og nikker vennleg til alt han seier. Og ho seier sjølv. Og kva enn stemmene i hovudet og fluane rundt henne seier. Ho nikker. Ho er vennleg innstilt, skjønner?

Diverre var det ikkje alle i Norwegian Defence League som tykte dette var ein så stor prestasjon, og hennar særs vellukka aksjon med nær 10 tilhøyrar, der berre ein vert banka opp av dei 1000 motdemonstrantane, vart svartmalt av dei ho hadde kasta ut frå den anti-islamske nasjonalistiske organisasjonen. Ja, det var tilogmed dei som meinte at ho øydela alt det 'seriøse' arbeidet organisasjonen prøvde å gjere.

Vi er litt usikre på korleis ho motarbeida seriøst arbeid ved å organisere ein demonstrasjon, snakke med journalistar og invitere folk frå English Defence League på besøk... men det kan ha noko med nikking å gjere. Men alvorleg tala folkens; om de ikkje er glad i nikking, la det ikkje gå utover Lena... ho kan ikkje for at ho har plukka opp ein eller annan uvane etter alle desse åra på speed. Eller kva det no har tatt for å plukka opp... alt det der.

Nei, no er ho visstnok ute av leiken, og må vie livet sitt til nye interesser. I bloggen skal ho dele av kvardagen sin... som hittil den siste månaden har bestått av ei kjole, og ein blomsterbukett. Vi sitrar i spenning, og forstår at dette er verdiar ho ikkje vil at slemme muselmenn skal ta frå henne.

For å presisere, så veit vi ikkje at Lena ventar på arbeidsmarknadstiltak, men vi går eigentleg berre utifrå det. Om nokon der ute kan innrømme å ha tilsett dette geniet, så vil vi gjerne sjå ei hand i veret eller noko slikt.

Uansett, velkomen skal du vere i den norske bloggsfæra, eg vonar du kosar deg her med oss, mellom mullaer og 14 årgamle motedrottningar.

26 kommentarer:

  1. En kjole! og en blomsterbukett :D Jag dauer :D

    SvarSlett
  2. Alle disse årene med speed gir også den tiltrekkende kombinasjonen rynker og kviser. Tror jeg skal legge til Lena på bloggfeed altså.
    (Å være tidligere? narkis og hete Lena er morsomt i seg selv forøvrig).

    SvarSlett
  3. Så intervjuet og syntes hun hørtes ut som en veldig snill nynazist. Synd at hun måtte gå. Hvis dette hadde vært det verste Norge kunne bla opp på nazi-fronten, så hadde ikke stått så verst til...

    SvarSlett
  4. Jeg liker hvordan hun har fått én kommentar, og at den er fra henne selv. :)

    SvarSlett
  5. Antidamen: Men så fine då!

    @Renathe: Trur definitivt dette vert ein blogg ein bør følgje med på, ja.

    @Even: Vi får vone at ho gjer comeback. Betre talskvinne har ikkje nassane hatt!

    @Stokkefot: Eg vurderar å tromme saman til litt kommentardugnad i bloggen hennar. La oss kommentere støttande og blidt om kor flott alt er!

    SvarSlett
  6. Hyggelig å se at man aldri blir for gammel til å rosablogge. Tror jammen jeg også skal begynne!

    SvarSlett
  7. Nå syntes jeg dere bør Lena være i fred. Det jeg har fått inntrykk av er at dere er noen skikkelige fjotter og kverulanter

    SvarSlett
  8. Anonym: Jepp. Du har gjennomskuet oss!

    SvarSlett
  9. Selvfølgelig har jeg gjennomskuet dere. Jeg er faktisk nabo med John Færseth. Jeg kjenner hans provoserende adferd. Han vigler alltid opp til bråk. Han har store sosiale problemer, så derfor må han kaste skitt på andre

    SvarSlett
  10. Anonym: Fint om du i det minste kan stå frem med eget navn når du kommer med slike påstander. Du gir ikke akkurat NDL noe bedre rykte ved å være så feig.

    SvarSlett
  11. NDL var bare en døgnflue

    SvarSlett
  12. John: Sjølvsagt skal du byrje å rosablogge!

    Anonym 08:48: Vi er definitivt kverulantar iallefall. Og veldig glad i Lena ;-)

    Kjekt å høyre at du har gjennomskua oss. Og ditt namn er?

    Anonym 13:03: Ja, men døgnfluer er jo interessane insekt dei òg.

    SvarSlett
  13. Fotosesjon bestilt foran speilet, O mest vise!

    Anonym: Venter fortsatt spent på hvilken nabo du er, trodde ikke det var NDL-sympatisører blant dem. Eller eventuelt sympatisører med den mer seriøse organisasjonen som skal overta på sikt.

    SvarSlett
  14. Hvem har sagt at jeg er NDL sympatisør, men det virker på meg som dere aldri slutter å rakke ned på denne Lena. Tittet litt på bloggen til stokkefot. Det sto at hun var sosionomstudent. Da bør hun ordlegge seg litt annerledes. En sosionom skal ikke drive med nedlatene kommentarer overfor andre personer:o(

    SvarSlett
  15. Okay, herr Anonym, såvidt eg kjem i hug så har eg skrive minimalt om Lena Andreassen... så eg skal innrømme at det er vanskeleg å slutte å "aldri rakke ned på henne".

    Og kva har Stokkefot med dette å gjere? Ho har ikkje skrive eit kløyva ord i kommentarfeltet her?

    Eg må be deg tilkjennegje deg ved namn eller nick om du skal drive på å slenge drit om no to av mine venar. Vis at du har ballar når du først skal dumme deg ut.

    SvarSlett
  16. Stokkefot har skrevet i bloggen din. Du får ta på deg brillene,så ser du litt bedre

    SvarSlett
  17. Ho har skrive ein kommentar. Er det hetsande?

    Eg har bedt deg signere med namn eller nick. Gjer det.

    SvarSlett
  18. Nå sier jeg takk for meg, anonym er like normalt som det fjollete navnet mad mullah hastur

    SvarSlett
  19. Ooooh... halen mellom beina. Du er søt når du er feig.

    SvarSlett
  20. Det er ingen mann med baller som er søt da vet du. Men feig er jeg f... ikke. Det kan jeg ikke være i den jobben jeg har

    SvarSlett
  21. oh shit, hvordan kunne du gjette det????????

    SvarSlett
  22. Det måtte vere noko slikt når du våger å dukke opp her og slenge med leppa ;-)

    SvarSlett
  23. Jeg tror han gjør rent i runkebokser. En jobb som unektelig krever nerver.

    Og jeg er enig når det gjelder Stokkefot - plag folk på din egen størrelse, og da helst de som allerede har plaget deg. Runkeboksrenholder.

    SvarSlett
  24. Jeg syntes du er utrolig rå i kjeften John Færseth.En voksen man snakker ikke slik. Men nå må jeg stikke, skal på en jobb i Bergen. Takk for meg!!!!!!!!!!!

    SvarSlett
  25. This made my day

    - kake

    SvarSlett