måndag 4. april 2011

Rusa på Charlie Sheen

Det er opplest og vedtatt av dei fleste at Charlie Sheen har tørna totalt. Ei rekkje intervju og videoar får Tom Cruise til å framstå som mentalt stabil, og Sheen har visstnok byrja å henge rundt med den sprutsprø konspirasjonsteoretikaren Alex Jones.

Sjølv hevdar han at han kjempar for sin rett til å bryte med konvensjonane og vere ein vinnar, og narkotika tar han ikkje lenger, for han er rusa på å vinne, han er rusa på Charlie Sheen. Eit godt tilfelle er dette intervjuet han klippa om og la ut på nettet sjølv;



Hmmm... etter å ha sett det så har eg eigentleg lyst til å vere rusa på Charlie Sheen sjølv. Eller kva enn pille eller pulver mannen er på.

Obviously. I'm Batman. 

6 kommentarer:

  1. Eg trudde ikkje eg skulle seie det, men han er jo dritkul!

    SvarSlett
  2. Har sett noen klipp av disse intervjuene, men dette var jo det beste så langt. Håper han fortsetter å vinne, det er mye mer underholdende enn den komiserien han var med i.

    He is Batman. Obviously!

    SvarSlett
  3. "Bryte med konvensjonane og vere ein vinar" var det som talte mest til meg her. Jeg jobber ganske mye med å bli ein vinar. Skål!

    SvarSlett
  4. Nicol: Den der sludrete serien er gløymd. Dette er Charlie Sheen no.

    Svein: Fysjdå, ein skriveleif, det må eg fikse. Fullt forståeleg vil eg hevde, eg er trass alt ein vinar som skriv seint på kvelden.

    SvarSlett