søndag 8. mai 2011

Dönitz-dagen

8. Mai... det er ein dag til å tenkje på ting som krig, invasjon og okkupasjon. Sjølv her på vårt trygge lille berg, her der det nesten aldri er krig, her vi aldri merker kva ein okkupasjon eigentleg er. Sjølv her må vi kunne ta oss tid til å tenkje, til å gruble... til å stille spørsmål, på ein dag som dette.

Eg, som ein del andre, markerar 8. mai som Dönitz-dagen, eller "Heil Dönitz-dagen", til ære for mannen som hadde den heller utrivelege gleda av å styre Stortyskland i veka som følgde etter at Doffen tok sitt eiga liv, eller stakk av til månen, Antarktisk eller jordas indre - du vel sjølv kva du vil tru, for alt er jo truverdig med den karen. Som eg har fortald ved eit tidlegare høve, tykkjer eg at vi kan lette litt på hatten eller heve glaset for mannen som fekk akkurat den utakksame jobben det var å ringe rundt og orsake forgjengaren sin heller ufine framferd over det europeiske kontinentent. Det seier jo alt at det tok han ei veke å manne seg opp (og lære seg dei rette glosene, det var ein del språk å lære seg).

Andre vel å markere dagen som Frigjeringsdagen, dagen då vi vart frigjort. Ein vektlegg altså perioden vi var okkupert, frå 1940 til 1945, av tyske styrker. I den same perioden opplevde store delar av Europa krig og elende av heilt utrulege dimensjonar, det var ei historisk tragedie. Og det er før vi byrjar å ta innover oss det umenneskelege Holocaust som fanatikarane i Himmler sitt SS administrerte.

Vi hadde 5 år med unntaktstilstand, og tyskerar som slo sleir i hagen vår. Vi hadde fem år med utanlandsk administrasjon og vi gjekk glipp av eit par stortingsval. Der Europa vart slått til blods, vart Noreg ein smule forulempa.

Men vi markerar frigjeringsdagen, dagen då vi fekk attende vårt eiga byråkrati, Storting og kongehus, etter fem års pause. Vi markerar det, og seier aldri att, medan vi okkuperar Afghanistan og bombar Libya. Vi har jo våre grunner, til dels gode grunner. Vi kjemper rettvise krigar. Slepp rettvise bomber, skyt rettvise rakettar og utførar rettvise okkupasjonar. Det er til deira eiga beste. Så vi har jo våre grunner, og langt betre enn at tyskerane ville beskytte oss mot britisk eller sovjetisk invasjon, sant?

Eg vil ikkje samanlikne det Tredje Riket med Noreg, eller omvendt. Det er urettvist, mot dei beggje. Det er ikkje det same. Det er verkeleg ikkje det same...

... Vi har våre grunner... så det er greit. Vi vil jo ikkje anna enn å skape fred. Ein endeleg fred. Ein fred som kan vare i tusen år. Vi veit jo best, og vi vi vil alles beste. Vi vil aldri treng ein Dönitz til å ringe på våre vegne.

Vonar eg.

5 kommentarer:

  1. Leste denne i et anfall av prokrastinering, og "Heil Dönitz" er noe av det morsomste jeg har sett når jeg egentlig skulle jobba! :-D

    SvarSlett
  2. Vel, det var vel litt mer enn noen tyskere på leirskole. Tror for eksempel befolkningen i Finnmark ville vært uenige i den beskrivelsen. For ikke å snakke om de norske jødene, eller de som ble torturert og drept i fangenskap hjemme eller i Tyskland.

    SvarSlett
  3. Kristian: Den er kjempefin. Nesten like bra som "Are we the baddies?".

    John: Så klart det ikkje berre var fest og moro (sjeldan leirskule er ei lukkeleg affære for alle involverte), men ser ein det i eit større europeisk perspektiv kan ein ikkje komme frå at Noreg slap billig unna.

    SvarSlett
  4. Det er problematisk å rangere lidelse, det blir lett til en billig "tenk på de som ikke har mat"-øvelse.

    Tsjekkerne hadde det åpenbart verre enn nordmenn (stikkord: Lidice), men situasjonen i Protektoratet var nærmest paradisisk sammenlignet med Polen. Som nesten slapp billig fra det sammenlignet med Ukraina, Hviterussland og okkuperte deler av Russland, der Lidice inngikk i normale arbeidsdager for tyske innsatskommandoer.

    Så kan man gi seg til å relativisere: Polakker, ukrainere osv. var "vant" til å leve under brutale herskere, slik at den tyske okkupasjonen var mindre av et sjokk enn den var for nordmenn, som hadde hatt fred, rettsstat og vekst i nesten 150 år da det smalt.

    Jeg tror dette har lite for seg: Hvert land gjennomlevde sin krig, og har sine minner å feire og bearbeide.

    Jeg mener det blir feil å trekke inn Afghanistan her. Jeg har tvilt meg frem til at jeg støtter innsatsen i Afghanistan (Irak er noe helt, helt annet). Krigen begynte med at Taliban - et regime som hverken kontrollerte hele landet (forutsetning for legitimitet ifølge internasjonal lov), hadde demokratisk sanksjon eller var anerkjent av noe annet land - angrep, eller støttet et angrep på en av våre allierte. Vi var og er forpliktet ifølge NATO til å se på dette som et angrep på hele alliansen. Så kommer det moralske: Er det riktig å slippe Talibans skrekkregime løs på afghanerne igjen, noe som er konsekvensen om vi drar? Kanskje vil det bli enda verre denne gangen, nå som en stor del av befolkningen har forrådt saka og samarbeidet med Store Satan og de andre okkupantene? Og litt egoistisk oppe i det hele, vil vi ha en ny terrorbase i Afghanistan, styrket av å ha vunnet en moralsk seier over det dekadente Vesten?

    Bare noen tanker.

    SvarSlett
  5. Ein treng korkje rangere eller relativisere. Ein kan påpeike ein klar skilnad, og vere ferdig med det.

    Kva angår Afghanistan og andre, så ser eg ikkje problemed med å etterlyse prinsipiell tenkjing rundt problematikken. Eg ser ikkje nokon stad i teksten eg seier det ein eller andre om kvifor vi gjekk inn, kvifor vi blir der, eller konsekvensane av å eventuelt trekkje seg ut. Og det er rimeleg medvite, for eg etterlys berre tenkjing. At du les det som kritikk av vår politikk og eit kall om at vi skal trekkje oss ut lar eg stå på di rekning, så kan vi heller drøfte det den dagen eg seier kva eg meiner om den saka ;-)

    SvarSlett