måndag 2. mai 2011

Drapet på Bin Laden, i fleire punkt

Bin Laden vart drept i natt. Skutt i hovudet. Splætt.

Og i samband med det, må eg - og ein del andre tenkjer eg - innrømme at vi har tatt feil. Her er det berre å krype til korset og ta til oss ein gong for alle; Datalagringsdirektivet er effektivet. Det tok ikkje lange tida før DLD vart innført for å bekjempe terroren, til at dei klarte å spore opp sjølvaste Osama Bin Laden i Pakistan og sende inn Navy Seals for å ta rotta på han. Så greit, DLD var langt meir effektiv enn det nokon av oss såg for oss.

No jublar dei gatene i USA, som om dei skulle vert rabiate palestinerar eller iranerar som feira at nokon i vesten var død, det vert vifta med flagg og feira stort. For mannen dei har lett etter sidan 11. september er endeleg drept. God gamaldags rettferd, eller kva? Og Mission accomplished? Vel... i motsetnad til kva ein del mindre oppvakte siklande vesen der ute trur, så kan nok ikkje amerikanske styrker vende attende frå Afghanistan og Irak på grunn av eit lite symbolsk drap. Det er lenge sidan desse konfliktene hadde noko som helst med Al Qaeda og Osama å gjere, og når hysteriet har lagt seg vil det nok vere litt av eit antiklimaks å rekne. Som ein fislete orgasme, etter eit eviglangt samleie. Og partnaren din vil framleis ha meir. Kanskje eg bude utvide metaforen til gruppesex for å få den til å henge saman?

Så amerikanarane har drept Osama. Kutta hovudet av Al Qaeda... eller nei. Dei har jo ikkje det. Hans rolle i "organisasjonen" har aldri vore heilt klar. Han har vore talsmann og eit samlande symbol, men Al Qaeda er ikkje organisert i ein tradisjonell struktur. Leiarlaus motstand er prinsippet her. Uavhengige celler utan ein sentraladministrasjon eller ein øverste leiar.

Så kva har dei eigentleg oppnådd? Vi er usikre. Dei har drept ein symbolsk leiar, og gjort han til martyr. På den andre sida har dei nådd eit mål dei satt seg på 90-talet, og som dei gjekk inn for med fornya styrke etter 11. september 2001. Dei har vist verda at dei meiner alvor, og dei har sjølvsagt satt visse krefter i Pakistan på plass ved å gjennomskue deira openbare løgn.

Men kva endrar seg, anna enn at skurkar rundtomkring i verda har enno større grunn til å ville ta hemn mot USA? Kan vi no fly utan å verte tafsa på, avkledd av maskiner, stappe flytande veske i små poser og jamt over stresse som nokre tullebukkar? Vert det meir fred i verda? Nei, diverre ikkje.

Og så har vi dei som jublar over drapet. Ta dykk saman, eit drap er eit drap. Om du er mot dødsstraff så bør du kanskje tenkje deg litt om før du tykkjer det er greit med slike drapsaksjonar? Og er du i mot terror... vel, kva ville du elles kalle, ein målretta aksjon i eit sivilt område? Og du... du som sitt der og sutrar over at Osama var eit menneske, og at han burde vore tatt i live, og stilt for retten. Ja, du kan jo tru det. La oss vere realistiske; amerikanarane måtte drepe Osama. Om dei hadde tatt han i live måtte dei ha gjett han all den luksus ein VIP-fange krev, for organisasjonar som Amnesty hadde følgd nøye med på at alt vart gjort etter reglane. Resultatet hadde vore furore blant befolkinga, og Fox News som godtar seg. Og så var det rettsaka då... der han stiller opp, nystrigla, i ny dress og heile pakka, og får lov å forsvare seg, og tale til verdas befolking. Og det utan at 11. september vert nemnt med eit ord. For trass retorikken, trass propagandaen, om at dette var årsaka til at han var jakta på, så er han ikkje etterlyst i den saka av FBI. Å knytte han direkte til aksjonen har vist seg å vere vanskeleg. For all del, dei han nok klart det. Og det hadde blitt mykje juridisk fiksfakseri, og rare bevis lagt fram. Mykje slikt som Fox News og eit veksande antal menneske i Amerika simpelthen ikkje hadde hatt tolmod til. Dei vil ha blodhemn, og får dei ikkje Osama sitt blod, så ville dei kasta seg over administrasjonen.

Så for Obama sin administrasjon er det absolutt eit pluss at han vart drept. Det kunne ha kosta dei valet å ha han i live.

Så om du tykkje dette er så trist, så tenk deg om. Kva ville du gjort, om du hadde lova å fange eit villdyr, og kostnadane ved å halde det i live var for store? Ein må vere litt realistisk.

Realistisk må ein òg vere når ein skal handtere eit lik. Ein slepp ikkje openbart falske bilete... og ein dumper ikkje liket til verdas mest ettersøkte mann i havet. Ikkje om ein ikkje vil unngå spekulasjonar om kva som faktisk skjedde.

Og med det, opna vi dørene vidopne for konspirasjonsteoriane.

6 kommentarer:

  1. Det som er trist er vel først og fremst å være vitne til hvor mange ressurser man har brukt på dette, hvor mange drepte man har hatt på veien og for å oppnå hva? Det har du jo satt ord på her sjøl. Trist også at så store deler av verden, også Norge, jubler over noe som er såpass vanskelig som target killing. Over at dette skulle være en så stor hendelse. At Osama er død er like/like lite trist som at andre dør, blir drept. Det er alt rundt, hva som skjer videre og hva det sier om oss som kan gjøre en litt mo i knærne.

    Å stille ham for retten? Om man har så lite på en mann at det ikke har noe for seg er dødstraff som løsning noe jeg forbinder med handlinger jeg ikke har lyst til å bejuble.

    SvarSlett
  2. O mest vise: Dette kan ikke sees som en politiaksjon eller som en "henrettelse", men som en militæraksjon som inngår i og - får vi håpe! avslutter en krig. Det er dessverre ganske vanlig å skyte fiender i krig uten å lese rettigheter først.

    SvarSlett
  3. Dørene til konspirasjonsteorier er alltid vidåpne...

    SvarSlett
  4. Sersjant: Jah.

    Beate: Nei, eg er einig. Uansett kor ufysleg fyren er, så føler eg ikkje for å juble. Eg la dei kjenslane bak meg, ca. samstundes som eg la frå meg skadefryd over åtaka på USA.

    John: Kva krig avsluttar dette? Krigen mot Osama? Kan ein erklære krig mot eit enkeltmenneske? I så fall var dette ein heilt kurant militæraksjon. Om ikkje var dette ein militæraksjon mot ein enkeltperson, på framand territorium der ein ikkje har jurisdiksjon. På sitt beste ei avretting, på sitt verste ein terroraksjon. Ikkje at eg klagar. Berre tenkjer ein må ha tunga rett i munnen.

    Asbjørn: Det skal vere snickers og twist!

    SvarSlett
  5. Om dette var rett eller gale finst det vel ikkje eit eintydig svar på. At det var riktig for amerikanarane å ta knekken på bin Laden, er det vel vanskeleg å argumentere i mot.

    Så får vi andre håpe i det stille at dette svekkar terrornettverket og kampvilja til terroristane; i alle fall på lang sikt.

    SvarSlett