tysdag 10. mai 2011

Grenselaus arroganse?

Det er ei vrien verd vi lev i. Alt er så forbanna komplisert til ein kvar tid, og det er vanskeleg å sjå saker frå alle sine relevante sider, og utvise empati og sympati med motstanderar. Likevel er det gjerne naudsynt og trasse den uomgjengelege hovudpina og gjere eit forsøk. Dette var noko av det Elin Brodin prøvde å fortelje i eit debattinnlegg i Dagbladet for nokre dagar sidan. Og her er vi einige. Vi er òg einige i at bomber og granatar kanskje ikkje er verdas beste vis å gjere seg forstått på. Sjølvmordsaksjonar og slikt, er altså rimeleg kleint i høflege selskap. Det å sjå Al Qaeda i sin rette kontekst, er ikkje det seame som bifalle, poengerar ho. Og det er sant. Så langt, så bra...

Men det er noko anna som ulmar i innleggjet hennar, som byrjar med reaksjonane på at ho ønskte at Osama bin Laden fekk kvile i fred -  det store "men", som følgjer ein kvar sjølvsagt setning, ligg og gløder. Som det heftige forspillet før ein skal tråkke i salaten, og fornærme husverten. Teksten er full av forbehold, forbehold som skal få oss til å forstå at ho eigentleg ikkje likar Al Qaeda eller terrorisme, og det er naudsynt fordi resten av teksten - der ho forstår desse tingane - framstår ho som intet anna enn ein apologet for dei.

Ville du reist på telttur med denne mannen?
Premissen har vi høyrd før. Vesten er fæl og har undertrykt muslimar over heile verda. Og terrorisme er det einaste våpenet tilgjengeleg for dei makteslause. Joda, det er jo alltid noko i slike evige storleikar. Vesten har vore litt kjip, sjølv om vi ofte gjerne har meint det godt. Og ja, terrorisme er eit middel ofte tatt i bruk når ingen andre kanalar er tilgjengelege eller moglege (det er òg eit knefall for spontaniteten, ifølgje Lenin, og ein kan seie mykje bra om meir spontane kulturar enn den trauste norske). Det er ei reell skeiv maktfordeling i desse høva, og ein må til ein viss grad forstå misnøya som oppstår av dette, og dei eventuelt ekstreme følgjene dette kan få...

... men der det verkeleg byrjar å svikte er når denne premissen skal føre til Brodins påstand om at muslimske terroristar a) stort sett har gode argument, b) historisk sett har handla i naudverge og c) har all mogleg grunn til å vere forbanna.

Dette er... ikkje heilt rett, for å seie det mildt. Uavhengig av kva vesten har gjort, er Osama og hans likesinna ikkje talsmenn for ei generell muslimsk befolking, og dei deler ikkje Brodins syn på korleis verda er satt saman. Den urett dei ønskjer å rette på, er ikkje den same som ho snakkar om. Deira ønskje om å opprette eit muslimsk kalifat, der ein streng fundamentalistisk fortolking av islam skal råde, er langtifrå eit svar på den undertrykking vesten kan ha sysla med gjennom åra. Det er heller ikkje snakk om å handle i naudverge i det augneblinket du sporadisk spreng uskuldege menneske til himmels, fordi du har hatt ein dårleg dag eller eit dårleg tiår. Og kva grunn har priviligierte menn som Osama til å vere forbanna, all den tid han har levd godt på ei ujamn fordeling av dei økonomiske godane i sitt heimland? Han er ingen Robin Hood, og det har han aldri prøvd å vere.

Ikkje akkurat SU sin somarleir
Å forstå motparten, og å sette ting i sin kontekst, handlar om meir enn å projisere si eiga naive verdsforståing på andres kamp om hegemoni. Det handlar om meir enn å projisere sitt eige dårlege samvit på andres åtak mot eins verdiar.

Det vi ser hjå Brodin er ikkje eit ukjendt fenomen. Store delar av venstresida, helst med tilhøyrigheit i SV, med sine priviligierte hippieideal framleis inntakt, flaumar over av sympati og kjærleik for "den andre" som vi her i vesten har vore så slem mot. Ein skulle trudd at denne type orientalisme var døydd ut for lenge sidan, men den lev i beste velgåande hjå delar av venstresida. Ja, vesten har vore kjip, og det er mykje rettvis kritikk som bør kunne komme vår veg. Og eg er stor tilhengjar av sjølvkritikk, for ikkje å snakke om litt systemkritikk. Og eg har stor tru på å forstå sjølv mine argaste motstanderar, og tilogmed utvise sympati for hans meiningar, og empati med hans kjenslar, men eg har ingen planar om å tilleggje andre meir altruistiske motiv enn dei har, berre fordi eg skulle hatt dårleg samvit for å vere fødd kvit og priviligiert.

Ein ting er å ta sjølvkritikk, noko anna er det Brodin gjer, som er å gjere knefall for den andre gjengen med kjeltringar. Ein må aldri la seg lure av retorikken til Osama og folk som han. Dei er ikkje noko betre for den muslimske verda enn det vesten er, og talar like lite på deira vegne.

Men for all del; på nokre punkt er vi einige. Det er rimeleg smaklaust å juble over ein manns død. Militær aksjon eller ikkje, dette var eit planlagd drap, og det er ikkje noko ein bør bifalle, reint prinsipielt. Men ein kan forstå at nokon faktisk vel å feire, og å føle seg letta over det heile. På same vis som ein kan forstå at menneske i den muslimske delen av verda har feira åtak mot vesten. Og det er på nett same vis ein bør respondere; stille hoderysting med ein dæsj forståing. For reagerar ein ulikt på dei to tingane - då er ein ein jævla hykler.

2 kommentarer:

  1. "Å forstå motparten, og å sette ting i sin kontekst, handlar om meir enn å projisere sin eigen naive verdsforståing på andres kamp om hegemoni."

    Bedre kan det ikke sies.

    SvarSlett
  2. Takkar, og med det finn eg ut at eg må rette eit par skrivefeil gitt.

    SvarSlett