tysdag 24. mai 2011

NSB Komfort?

Ann Ramsey i Kast mamma av toget
Mullaen har nok ein gong vore ute og reist, og det er jo alltid koseleg. Så eg skal jo ikkje klage, eg traff nye og gamle vener, og fekk helse på ein aldrande provokatør som gjorde sitt beste for å tvihalde på eit image som gjekk ut på dato for tjue år sidan. Og eg vil jo ikkje klage på sjølve turen heller, eg likar jo tog - det er jo difor eg valte å ta tog denne gongen. Og det er ikkje slik at eg likar å klage på gamle uskuldege damer og slikt, det er ikkje det - dei er jo jamt over søte, må ein jo seie. Ein må jo det.

Men når eg tar toget på lange strekningar, så er det jo gjerne fordi eg treng litt fred og ro. Til å lese. Til å tenkje. Og, ikkje minst, for å skrive. Eg har tenkt i det siste på å gjere nokre skriveri om kannibalisme, og hadde difor store planar om å bruke turen til å gruble opp litt idear for meg sjølv. Og då tykkjer eg det er heilt greit å leggje ut den ekstra lille hundrelappen det er for NSB Komfort. Ekstra beinplass, straum, aviser og andre menneske som og gjerne planlegg å jobbe. Dette er absolutt verdt det.

Problemet med tog, er sjølvsagt at ein aldri veit kva ein får ved si side, men dette går som oftast greit. Særleg på Komfort. Og om det er problem, så er det jo ikkje alvorlege problem. Ein kan jo berre gje urokråker blikket, eller eventuelt snakke til dei.

Det er ikkje så lett når det er snakk om pratesjuke kvinner i 80-åra, som i sin einsemd søkjer kontakt med mannen dei er plassert ved sida av, og vel å dele sitt livs detaljar med han. For ikkje å snakke om stadig repetetive kommentarar om veret, og spørsmål om dette var riktig vogn og om vogna var ny. Litt senilitet følgjer alltid med i den aldaren. Alt dette er jo vel og bra i dei fleste samanhengar, ein skal jo ikkje vere vanskeleg med dei eldre. Ein må gje dei litt slingringsrom. Ein er trass alt ein gentleman, men eg må innrømme at å skrive om kannibalisme, med denne pratande ved mi side, var eit stykke utanfor mi komfortsone. Det hjalp jo heller ikkje at ho var dårleg til beins, og vart plassert ytterst av togpersonalet. Noko som tyder at ho ikkje kunne reise seg når eg ville ta ein tur på det lille mullarommet og pudre nasa. Så der satt eg, i timesvis. Laaaaaaangt utanfor min komfortsone etterkvart. Takk Gud for at det var toalett på endestasjonen.

Det er ikkje meininga å klage og sutre, sjølv om ein er frista til å sette seg på nokon frå NSB og forlange Komfort-tillegget attende. Men ein kan vel ikkje klandre NSB for tilfeldige eldre passasjerar vel? Nei, NSB er jo eit vidunderleg selskap, og vi er jo alle glade for å vere deira kunder (om ein ser vekkifrå mangelen på lyntog, og utpressingspriser på kafeane deira). Eg kom i det minste vel fram, og hadde det komfortabelt eit par dagar der.
NSB ønskjer deg. Tenk deg det...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar