måndag 30. mai 2011

Statistikk og vår nye antropologi

Vi lev i ei tid der statistikk og den nye antropologien lærar oss mykje, gjerne alt vi treng å vete, om våre medmenneske. Tal kan umogleg lyge, har eg forstått, og statistikk er eit vindauge inn i den universelle sanninga. Indisiar, prov og kausalitet. Alt smelt saman til enkle tal, formidla av dei sanne orakla, dei som ivaretar den nye antropologi.

Nyleg har vi fått presentert tal som fortel oss at menneske frå Somalia og Pakistan har låg arbeidsdeltaking i Noreg (ikkje så rart, skulle ein tru, sidan dei fleste av dei bur i Somalia og Pakistan, men vi snakkar her altså om flyktningar, og det er jo meir forståeleg då). Desse er som kjend ikkje berre synleg annleispigmenterte, men dei er òg muselmenn, for kulturen i desse landa er hovudsakleg prega av islam. Du veit den der skumle religionen med sjølvmordsbombar, og ein profet som hylla hardt arbeid som viktigare enn bønn, og penneblekk som viktigare enn martyrens blod... du veit.

Den gamle antropologien hadde nok forvilla seg inn i nokre kulturelle greier, eller tilogmed sett på klassesamansettingen i innvandrarmiljøa - unyttig som berre det. Berre vrøvl. Den nye antropologien ser gjennom alt dette, og anarkjenner at statistikk avslørar genetiske etnoreligiøse trekk i folkegrupper. Altså - dei er late. Folk som trur på a) islam og b) har x-faktor pigmentar i huden er late (og trassar slik sin religion, sett slikt!). Ikkje berre er dei late, men den nye antropologien har òg funne ut at dei valdtar, stel og plyndrar som vikingar på tokt i storbyen. Kva har klasse og kultur med dette å gjere? Det er reint etnisk dette må ein vete. Det ligg i blodet. Blodet og opphavslandet. Blut und boden! Der ein før kunne avsløre felles karaktertrekk på stammefolket ved å måle hovudskallene deira, kan vi i dag ty til statistikken. Fortolka av den nye antropologien, haldt i hevd av FrP og deira håndlangerar.

Er vi ikkje heldige?

Tenkje seg til at i uopplyste gamle dagar så hadde tal om dårleg arbeidsdeltaking av annleispigmenterte menneske antydd at folk var uvillige til å tilsette dei. Som om nokon kanskje hadde sprunge rundt i åresvis i media og insistert på at alle som er annleispigmenterte eller trur på rare religionar er late kriminelle som valdtar døtrene våre. Heh... godt vi er opplyst av den nye antropologien.

3 kommentarer:

  1. Hvor høy er andelen flyktninger blant pakistanske innvandrere, sier du?

    SvarSlett
  2. Tja, sei det, men no tykkjer eg det er viktigare å hylle statistikken og nyantropologien enn å henge meg opp i parantesiske detaljar. Statistikken seier til dømes at folk som kommenterar anonymt er bleike, einsame og triste menneske, og nyantropologien fortel oss at dei i dei fleste tilfelle er etnisk tilbøylig til å mishandle små dyr.

    SvarSlett