måndag 20. juni 2011

Dagens outfit!

Eg har jo forstått det, det er rosablogging og moteblogging som er tingen. Og eg har lenge tenkt at eg skulle gjere noko med det, og her er resultatet!

Dagens outfit.

Eller rettare sagt, eit outfit for nokre månadar sidan. For det kan gå litt treigt her i bloggen. For først må ein komme på ein idè. Og så skal ein jo gjere praktiske ting, som å ta bilete. Og så... så skal bileta ut liksom. Og det var der ting gjekk litt ekstra treigt, men no har eg fått bileta frå min dyktige fotograf. Så kanskje ikkje dagens outfit, heilt presist, men dagens outfit ein vinterdag tidleg i 2011? Det får halde, tenkjer eg. Her er altså mullaen, i all sin prakt!
Ein livsnytar, mullaen nyt her ein frisk vinterbris med Bergen by i bakgrunnen, landets vakraste by. Her kledd i ein dressfrakk frå Dressmann, og eit passande skjerf.
Merk skinnhandskene som mullaen ikkje heilt hugser kvar han kjøpte, men dei var ikkje billige, så det er sikkert merkevare for dei som forstår seg på slikt. Her er han brått blitt veldig tankefull. Ein fatwa er kanskje på veg? Eller har han berre komt til å tenkje på kor glad han er i alle sine vakre lesarar som kjem til å kommentere dette innlegget?
Våren er på veg, og mullaen er ikkje redd for å gå med frakken open, og skjerfet stilfult drapert over skuldrane. Han har sett dressmannreklamane. Merk òg beltespenna òg den svarte dressbuksa, som han nok har kjøpt på Dressmann. Den raude skjorta er nok likeså. Raudt er ein bra farge å kombinere attåt mørke dressar, det har han lært på eit eller anna tidspunkt.
Mullaen ønskjer våren velkomen på vennskapleg vis. Ein enkel peikande finger i skyteposisjon - ein klassisk hey der. Frakk og dress er blitt kasta til side, og under har han gått med ein enkel grå tweedjakke, knabba frå Dressmann og tilpassa hans fyldige form av skreddar. Slik som hør og bør. Men det er ikkje berre våren han ønskjer velkomen...
... det er òg deg, kjære lesar. Som han kanskje er litt formyndande til, men det er berre fordi han ser på deg som eit av sine mange barn, som treng ein streng og myndig far. Og pipa... vel, menn i tweed røyker pipe! Slik er det å vere gentlemann. Du skal ikkje gjere alt far din gjer, berre alt han seier. Ikkje røyk, røyking er usunt for deg.
Om mullaen oppdagar at du røykar, eller ikkje kommenterar desse bileta, så kan han i beste fall verte litt skuffa. Og kanskje pittelitt vrang og tvert. Merk at han klarar å vere både nonchalant, hoven og vrang samstundes. Eit kinderegg, det er det mullaen demonstrerar her. Og medan det er pent å sjå på, så vil du jo helst at han skal vere glad, eller kva?

Alle veit at djevelen er i detaljane; og detaljar er det alltid nok av når det kjem til mullaen. Eller vent - det kom ut feil! Gløym det!
Merk det raude og svarte silkeslipset som matcher den raude skjorta, og at skyggene får det til å virke som om det er flekkete. Veldig upent akkurat det siste, men slipset er pent, eg lovar. Og så med ein matchende slipsnål, i gullfarge, frå gode gamle Laibach. Ei gåve frå sekretæren til Lord Bassington-Bassington. Men det er ikkje alt!
Ein gentlemann er ikkje påkledd før mansjettknappane er på plass! Slik er det berre. Gjennom å pryde skjorteermet med dilldall, kan ein dandy herremann vise litt personligheit, stil og interesse. Dette er sølvfarga borehovud, modellert etter dei nytta av norske oljeplattformer. Ei gåve frå ein kjendt og kjær lesar, som har den ære å jobbe i Statoil som propagandist.

Og sist, men ikkje minst, krona på verket for ein kvar velkledd mann (nei, ikkje hatten i dette innlegget, det vert neste gong);
Sko! Desse elegante skorne er kjøpt hjå eminente Russell & Bromley i London, for ein fornuftig sum som eg ikkje skal kaste vekk siffer på å skrive her. Dei klagar ein fornøyeleg klikk-klakk lyd når mullaen spankulerar ned ein korridor for å irettesette studentar og andre dagdriverar, og dei glinser pent i sollys når mullaen har kost på dei med litt skokrem og kjærleik.

Og for deg som framleis lurar på dette med hatten, så er det noko han gløymde heilt å ta med seg opp på taket den kvelden. Men mullaen likar godt å handle hjå Bates i Jermyn Street i London, men hans nyaste hatt vart kjøpt privat og er ein finfin Homburg. Så veit alle det.

Og pipa, la oss ikkje gløyme pipa. Det er ei tsjekkisk sak, kjøpt for rundt 400 spenn hjå Sørensen, mullaens lokale spesialist.

Dette er ikkje tekstreklame, sjølv om det liknar på det. Det er fordi korkje Dressmann eller dei andre har betalt meg eit raudt øre, eller gjett meg noko av dette gratis. Eller andre ting for den saks skuld. Noko eg finn særs skuffande, om eg skal vere ærleg. Dei burde byrje å gje meg gratis ting. Høyrer de Dressmann?! Gje meg gratis klede frå tjukkasbutikken dykkar!

Resten av dykk kan betale meg med lovprisande kommentarar. Akkurat som i alle andre rosebloggar. Okay?! Takk!

22 kommentarer:

  1. Jeg føler en gryende misunnelse for slike som deg, som kan handle på Dressmann og se bra ut i klærne... Oss andre kan like gjerne ikle oss en potetsekk (slike store laget i strie - ikke 5kg potetsekker som selges i butikkene nå om dagen...), for de passer like godt...

    Men jeg undres over at du ikke endrer profilbilde på Facebook som matcher din nye blogg-retning? Rosa er bra, og Hello Kitty passer jo deg aldeles utmerket eller hva?

    SvarSlett
  2. Dette hadde rett nok fortent ein lengre kommentar, men eg kan ikkje sei anna enn: Vakkert!

    SvarSlett
  3. Du er en inspirasjon for oss alle! Amen. Flere slike innlegg! :)

    SvarSlett
  4. Du er bare så nydelig, og en inspirasjon for noen og enhver!

    SvarSlett
  5. ...I am at a loss. Jeg er faktisk målbundet. Jeg sier dette en del om dagen, men: Det skjer ikke ofte!

    SvarSlett
  6. Slike mullaer, det vil selv oss vantro ha!

    SvarSlett
  7. Hey there! Dette har du talent for! Vi gleder oss til kommende fotoshoots og posering, i antrekk fra vår lekre kolleksjon!

    SvarSlett
  8. @Liv-Marit: Det er det vi har ordbøker til

    @Intoleranse: Vi er velsigna, og fullt klar over det. Alt kler den smukke.

    @Bad Mynock: Vakkert har mange synonym, så innlegget kunne godt vert lengre.

    @Metallicatrollet: Eg gjer mitt beste! Og ein dag skal du ta bileta.

    @Anonym 22:52: Takk. Vi gjer vårt ytterst beste for å vere eit godt førebilete for dei anonyme massane.

    @Varg: Vi vonar du får talas gåve att snart då. Ikkje meininga å årsake permanent skade på deg.

    @Lord Bassington-Bassington: Ïa! Ïa!

    @JulieVoksenlek: Då ventar vi på klespakke frå dykk, vår nye sponsor.

    SvarSlett
  9. Don't tempt me! Avtalen er vel slik at alle oversendte plagg må prøves, poseres i, la seg avbilde i? Og bildene, de tilhører vel sponsoren? :D

    SvarSlett
  10. Jeg elsker måten du har kombinert rød, grått og svart på. Klassisk, men nyskapende på samme tid! Detaljene er fantastiske! Pipa er favoritten, absolutt! And don't get me started on the shoes.. I love you!

    SvarSlett
  11. @JulieVoksenlek: Vel, vi prøvar, poserar og tar bilete. Rettane til biletet må vi av juridiske årsaker dele, då eg skal ha høve til å bruke dei til kva pokker eg vil. Vert nok ein cc-lisens.

    @Barbro: Det er heftig med skryt frå det som utvilsomt er Noregs beste og vakraste stilbloggar. Eg er heilt raud i kjakane her!

    SvarSlett
  12. Flott antrekk! Liker særlig at du tar deg tid til de viktige detaljene, som så fine mansjettknapper.

    SvarSlett
  13. @aslaugok: Takk! La oss vone eg får nokre sponsorar av dette!

    @Barbro: Ditto!

    SvarSlett
  14. Vi gleder oss til samarbeidet! :D

    SvarSlett
  15. Hvem skulle trodd at dette var en Mulla, og ikke en motebevisst herremann?

    Original Kamelrytterske, bare på Karavanseariet.no, sist om selvros og markedsføring i Cyberspace

    SvarSlett
  16. Må det vere motsetnad mellom desse to då? Eg er vel beggje delar?

    SvarSlett
  17. KUUUL blogg:-)
    Du er bare såå kul!! Digger deg :)
    Fin aoutfit ;)

    "host kremt" Kopiert frå life of barbie.

    Eg har innimellom kommentert på rosabloggere med «tilsvarer 1Qen din vekta di?»
    Men det er ikkje like fornedrande på deg.

    - Kake

    SvarSlett
  18. Eg tar det som eit... kompliment? Ja. Eg trur det. Det er ein finfin outfit.

    Men eg tok med meg eit par dressar heim frå London i juni, så nye innlegg dukkar opp. Og sidan eg har fått ny sponsor kjem det kanskje ein undertøysspesial. Den som ventar vil sjå.

    SvarSlett
  19. Sjokkerende! Jeg er svært skuffet over at din før så eminente blogg har gitt etter for samfunnets utseendefiksering og sexpress! Hvorfor gjør du deg selv til et objekt på denne måten? Har du ikke tenkt over at et vakkert ytre ikke varer evig?
    Hilsen skuffet leser, akk og ve!

    SvarSlett
  20. Mitt vakre ytre varar kanskje evig, men det har pinadø haldt seg godt så lenge. På tide å cashe inn på det, er det ikkje?

    Vil du framleis verte skuffa om eg lagar ein undertøysspesial?

    SvarSlett