tysdag 21. juni 2011

Druidar! Druidar! Druidar!

Menneskeofring i Stonehenge? av Arthur Moreland
Druidar er merkelege folk, anten dei no driv utpressing av det austerikske vegvesen eller les i invollane til kriminelle, og det er jamt over vanskeleg å vete kva ein skal tru om dei. Det var nok årsaka til at mine venar i Radioselskapet ba meg stikke innom og fortelje litt om deira historie. Problemet med det er at vi veit jo frykteleg lite - vi veit kva Caesar og dei andre romarane skreiv om dei, men kan vi stole på det? Vi veit kva mellomaldarballadane og forteljinga seier, men på dette tidspunktet var det ingen druidar att til å vere modellar. Og vi veit jo kva nydruidane, rekonstruksjonistane og new agerane meiner druidane var, men dette er jo berre vill spekulasjon og fantasi for å tilfredsstille moderne åndelege og nasjonalistiske behov. Det einaste desse ulike versjonane av druidane har felles, er jo nett dette. At ein har lest inn i dei det dei har trengt å vere. For romarane var dei del-siviliserte filosofar, dommarar og seidmenn, som praktiserte barbarisk menneskeofring og spådom i innvollar. For mellomaldarens forteljarar var dei motstanderar av kristninga, som stod i vegen for sanningas lys. For romantikarane var dei kjerna av ein klok og naturnær tradisjon og kultur, eit band ikkje berre til deira historie, men til sjølvaste jorda dei gjekk på og ein inngangsport til ein ny mystisisme.

Og det er frykteleg mykje å fortelje om akkurat desse ulike versjonane, men eg kunne ikkje gå inn på dei alle i dag. Eit opptak ligg allereie ute, og om du hopper fram om lag 20 minutt inn i opptaket, så kan du høyre det lille eg hadde å seie. Ikkje min beste radiooptreden så langt, men den får duge - eller kva?

Det rare med denne soga om dei austerikske druidane er at eg finn den att ganske mange gonger - bakover i tid. Gjerne med dei same sitata. Den tidlegaste omtala var i 2003. God PR eller vandresegn?

Eg sitt framleis og ser for meg ein litt Sopranos-aktig situasjon, der Druidar vandrar innom vegvesenet og insisterar på at dersom dei ikkje får ein fast sum, så vil det skje ulukker langs vegane. Dei vil fjerne steinane som tryggjar trafikken, medmindre dei betalar ei lita forsikringspremie. Eg er skeptisk. Klarar heller ikkje å lausrive meg frå biletet av skjeggete gamle menn i kjoler som les i innvollane til trafikkofre i grøfta. Ikkje pent, men... openbart eit bra utpangspunkt for ein drama-serie. HBO, ring meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar