måndag 27. juni 2011

Eit reisebrev om shopping

Shopping. Vi veit alle at det er ein essensiel del av storbyferien. Ferieturar og turisme er stort sett synonymt med to ting. Å sjå på ting. Og å kjøpe ting. Vi er veldig opptatt av å springe rundt og å sjå på ting, og vi ser, og vi ser, og vi ser. Kunstskattar, arkitektur, ruinar, klesplagg og bøker. Vi ser på alt vi vil ha. Og i nokre tilfelle så kjøper vi det. For vi kjøper, kjøper og kjøper. Vi vil erverve verda, slik våre forfedre då dei reiste i Viking. Vi fyller koffert og sekk med ting vi truleg ikkje kunne fått heime, og iallefall ikkje til den prisen - berre så det er klart. Det var eit røvarkjøp! Eit røveri! Det var plyndring!

Men det finnes ein mellomting mellom å kikke på ting, og å kjøpe ting. Veit du kva det er? Ja, du gissa det!
Window shopping kallar våre veltalande frendar det. Då ein gjerne går langs fortauet, og kikker på utstillingsvindauge. Og kanskje er du heldig og finn eit vindauge du vil ha?
Eg tykkjer det i midten hadde noko klassisk over seg, men eg veit ikkje om eg får plass i kofferten.

Dette innlegget er så blautt at ein skulle ikkje tru at det var ei hetebølgje i London, men det regner heime så det er mitt alibi.

5 kommentarer:

  1. Lulz!

    Jeg liker det nede til høyre.

    SvarSlett
  2. Du kan få gratis av meg? Tror det nesten er for viktoriana å regne, aldersmessig, og det er fryktelig mange av dem.

    SvarSlett
  3. Jeg trenger forsåvidt et vindu, men det er vel litt for stort som håndbagasje.
    Men hvordan gikk det med dressinnkjøpet? Det er det verden vil vite nå!

    Svein

    SvarSlett
  4. HanneLK: Det er ikkje så dumt nei. Det har eit frekt hjørne!

    Asbjørn: Oj oj oj! Er dette byrjinga på ein stein-i-glashus-vits? :-D

    Svein: Det er litt for stort til å ha i baggen attende, ja. Diverre. Dressinnkjøpet er tungt og vanskeleg for ein kvalitetsmedvite herremann av ein viss storleik. Ikkje lett å finne dresser lagt av presenning... men hell nok til to nye antrekk har ein hatt, og litt til.

    SvarSlett
  5. Minner meg om da jeg var barn, og trodde en dørselger gikk rundt og solgte dører. Var litt usikker på om det egentlig kunne være noe særlig marked for det.

    SvarSlett