tysdag 7. juni 2011

Gratulerar Mira

I kontakt med naturen,og "kvantum fissiks, liksom"  
Mira Craig har blitt mor.

Vi i moskeen gratulerar henne med å ha visualisert ein vellukka graviditet og fødsel, og innser at det er altfor lenge sidan vi har via henne merksemd. Ikkje så rart, sidan ho både er svart og kvit, som pandabjørnar, og alle veit at pandabjørnar lev på vår merksemd. Det tyder ikkje at vi ikkje har gjett henne merksemd tidlegare - er berre å kikke i arkivet det.

Som de veit, så er Mira Craig ikkje berre agent for Pandamonium, men ei vassekte krigarprinsesse som tuktar den ho elskar. Mest truleg fordi dei har visualisert det veldig hardt, for Mira Craig trur på "kvantum fissiks, liksom" og The Secret, det sagnomsuste tankesettet omfamna av sjølvsentrerte New Agere som likar å få alt dei peikar på. Det er klart at det er ikkje så lett å ha med ei slik kravstor og viljesterk pike, og det er ikkje rart difor at ho måtte leite ei stund for å få finne nokon på sitt eiga intellektuelle nivå. Godt jobba, Mira... og sidan vi antar den utkåra ikkje er kjønsmoden, så er jo graviditen og fødselen eit mirakel som berre "kvantum fissiks, liksom" og The Secret kan ha prestert.

Ære vere deg for denne prestasjonen Mira.

Men du...? Er det ikkje litt uforsvarleg å bringe eit barn til verda, når du trur den går under om eit halvanna år? Eller er det liksom berre noko du har visualisert fram i verda fordi du ønskte å oppleve dette før slutten?

Uansett så skal du ha gratulerar. Vonar du får mange fine år med barnet før nokon ring barnevernet.

6 kommentarer:

  1. Kristian Grønseth7. juni 2011 kl. 14:43

    Har egentlig unngått å lese om den dama, kan virke som om det var den beste måten å like henne på... Ettr å ha lest linkene dine lurer jeg nesten på om hun egentlig er en tegneseriefigur?

    SvarSlett
  2. Nei. Uenig. Stygt skrevet. For en gangs skyld mener JEG at DU er for stygg.

    SvarSlett
  3. Dette var litt Sheldonsk!

    SvarSlett
  4. Mira Craig, Trine Grung og Frank Aune...

    Kristian, min gode mann, du trenger bedre fiender!

    SvarSlett
  5. Kristian: Trur du er inne på noko der... det kunne forklart så altfor mykje.

    Antidamen: Tihi.

    Anonym: Eg må vel ta det som eit kompliment.

    Straume: Kva veit du om kva fiendar Kristian har? Han skriv ingenting om det i sin kommentar. Underteikna, Hastur, har ingen fiendar utanom Pandamonium.

    SvarSlett
  6. Ehm ja...selvsagt.

    Jeg mente: Hastur, ærverdige mulla, De trenger bedre fiender!

    Skjønner ikke hvorfor jeg skulle trekke inn en "Kristian" i dette.

    SvarSlett