laurdag 23. juli 2011

Der vi lot hatet gro

Vi har fått høyre det ustoggeleg dei siste åra - om korleis Islam er ein hatets religion, at muslimar og islamistar kjem for å ta oss, drepe oss, sprenge oss. At vi nærar terroren ved vårt bryst ved å vere dumsnille og la folk dyrke sin religion i vårt land, ved å føre dialog med slemmingar og la menn som Krekar leve hjå oss. Dette har vi fått høyre gong på gong, tidvis av rabiate menn, og tidvis av tilsynelatande rasjonelle og beleste menneske. Så mange gonger har vi høyrd dette, at dei fleste sin spontane reaksjon på dei tragiske hendingane i Oslo og Utøya i går var å rette sin aggresjon og frustrasjon i retning av muslimar. For det var jo klart at det var dei som stod bak! Det er jo dei som gjer slikt! Nokon ville jage dei ut, særleg mulla Krekar, andre vil slå ring rundt dei, og forsvare dei mot åtak for noko dei var uskuldege i.

Men det er dei av oss dette ikkje stemte heilt for. Som har sett hatet gro ein heilt annan stad. Vår bakgård er full av dette ugraset. For dei får sin næring av dei same stemmene som har fortald oss korleis vi skal frykte "den andre", om korleis kvar ein muslim er ein potensiell trugsel, ein tilhengjar av ein hatets ideologi med sin hijab og framande bøker. Det er i dette miljøet gjerningsmannen har fått springe rundt med sine likesinna, og som ein kan sjå av hans aktivitet på Document.no så virker han ikkje særleg radikal i forhold til dei andre brølungane her.

Gjerningsmannen, Document.no og andre har vore veldig glade i å gje islam og muslimar kollektiv skuld for det enkelte gærne islamistar har gjort. Vi vil halde oss for gode for å halde dei som delar gjerningsmannens meiningar skulda for hans gjerningar, men vit at retorikken, språkbruken, er ikkje fjerna frå det heile. Det er ikkje snakk om skuld, men ei stemning som har fått lov til å herske, eit hat som har fått lov å vekse i ord og sinn, og så i gjerning. For dei av oss som har følgd med, er det ikkje overraskande at slik vald kan komme av dette.

Og vi ber omstendig om at vi brukar denne tragedia til lærdom, og ikkje til å klandre. Kan vi ikkje alle tenkje på kva vi tolererar av språkbruk og hatske ytringar? Kan ikkje folk tenkje seg pittelitt om før dei neste gong raljerar mot muslimar og innvandrerar? Kan ikkje alle dei som i går brukte sin energi på å spy ut eder og galle mot muslimar beklage dette, om enn berre for å rydde litt i sin eigen bakgård? Kan dei som har vanka i dei same nettverka som gjerningsmannen, tenkje seg om to gonger neste gong, før dei ytrar seg om dei slemme muselmennene?

Eg er ikkje berre sint, eg er lei meg. Og eg er lei av at hatet gror her hjå oss. Og eg vil ikkje akseptere det meir.

12 kommentarer:

  1. "Eg er ikkje berre sint, eg er lei meg. Og eg er lei av at hatet gror her hjå oss. Og eg vil ikkje akseptere det meir."

    Jeg er fremdeles sint. Og lei meg, men mest sint. Men jeg hater ikke, for hatet får ikke eie meg.

    Jeg aksepterer det heller ikke.

    SvarSlett
  2. Takk for denne kommentaren.

    Jeg har sett og registrert det samme som du, til og meg langt inn i "mine egne, nære kretser". Jeg grøsser hver eneste gang og mine argumenter og motforestillinger er vanskelig å få aksept for.

    For meg er dette først og fremst en trist, trist dag...

    SvarSlett
  3. Mullahen er fornuftens røyst i galskapen. Bra.

    SvarSlett
  4. Kan vi nå få et nasjonalt oppgjør med haterne på nettet? Vi kan begynne med document.no, HRS, Anfindsenbrødrene og jobbe oss nedover...

    SvarSlett
  5. Veldig, veldig bra skrive. Like etter bombeangrepi, fekk eg høyra at FrP brukte dette til propaganda på netsidene sine. Eg vart kvalm.

    Og no viser det seg at det er ein person med retorikk som ikkje høyrast spesielt ekstrem ut for oss i det heile teke. Han synast FrP er vorte for feige i det siste, og likte tydelegvis Carl I. Hagen-perioden betre då dei sa meir rett ut det dei meinte. Han var aktiv i FpU:

    Jeg var aktiv Oslo FrP/FpU i de første 6-7 år (i den kulturkonservative + laissez faire kapitalistiske/liberalistiske campen) og bidro til FrPs suksess før jeg stoppet. Jeg følte det da var viktigere å bidra til å utvikle/markedsføre politiske doktriner i utlandet spesielt Britiske, Tyske, Franske, Amerikanske

    SvarSlett
  6. Tilgi dem ikke. De vet hva de gjør.

    SvarSlett
  7. Lars: Hat er frykteleg lite konstruktiv, og er ei kjensle ein gjerne ikkje bør gje etter for.

    Mariasmetode: Trist dag, ja. Diverre har eg ikkje fått inntrykk av at dei som sprer hat lærar av dette. Eg har fått beskjed om at dette innlegget er eit åtak på dei som er kritiske til innvandringspolitikken... eg kan ikkje anna enn å sukke oppgjeven.

    Bad Mynock: Difor de har meg.

    Fnord: Du er velkomen til å prøve... men eg vil heller at alle tenkjer seg pittelitt om når ein ordlegg seg.

    Odin: Ja, det var ikkje få som viste sine styggaste sider før det viste seg at gjerningsmannen var ein som delte deira tankar. Men FrP er ikkje skuld i dette, dei er berre skuldige i å prøve å slå politisk mynt på ei tragedie så nær valet.

    Kee: Nei, no vil eg ikkje tolerere eller tilgje lenger. For no har dei sett konsekvensane.

    SvarSlett
  8. Takker Mullahen for kloke ord.

    SvarSlett
  9. Takk sjølv, for at du les og gjerne delar vidare med andre.

    SvarSlett
  10. takk for gode og fremtidsrettede ord, Mullahen.

    SvarSlett
  11. Dette er et helt fantastisk velskrevet innlegg. Midt i blinken, Mullah.

    SvarSlett