måndag 4. juli 2011

Eit lite eventyr

Mullaen har, som de sikkert har forstått, vore ute og reist, og no sitt vi her og ventar på at reisebreva vi har sendt til moskeen skal nå fram. Så publiserar vi dei etterkvart som dei kjem. Det er dei som gjerne spør seg kva ein mulla gjer når han er ute og reiser - forkynner han? Ja, det hender, men denne mullaen er òg folklorist, og folkloristar samler inn historier, segn og eventyr av mangt slag. Som dei vakne har fått med seg, så er det gjerne slik at dei gode gamle forteljingane kjem i fleire variantar, og vi folkloristar vi sett pris på å samle inn så mange som mogleg. Litt som å samle frimerke, somarfugler og hybelkaninar. Her samanliknar vi i hytt og pine, ser likskap og ulikskap, og analyserar for harde livet. Det er livet som folklorist. Og som folklorist må eg seie at eg det er godt å sjå slike reine, uforfalska versjonar av norske folkeeventyr som dette:



Og så er det berre å folde hendene og be om at reisebreva når fram snart. Mullaen er attende frå eventyr!

1 kommentar: