onsdag 27. juli 2011

Frimurar, tempelriddar, terrorist

For fleire år sidan kom eg med ein påstand om at myta om Tempelriddarordenen er sterkare i dag, enn Tempelriddarordenen nokon gong var. Ikkje alle var einige i det, men ingen kan tvile ved den makta historia om denne religiøse krigarbrorskapen - bankmenn, landeigarar og korstogas elitesoldatar. Det er ikkje rart at dette er  eit bilete som fengar folk. Inkludert Anders Behring Breivik (ABB), mannen som stod bak bomba og massakren på fredag.

ABB var frimurar, eit faktum han ikkje la skjul på, og som den offentlege matrikkelen syner oss. Dette er noko eit par folk har gripe fatt i til no, og som konspirasjonsteoretikarar nok vil kose seg med ein del framover, nokon har allereie komen godt i gang. Den Norske Frimurarordenen, som er ein særs kristen organisasjon, tok på laurdag klar avstand frå ABB sine gjerningar, og effektuerte ein ekskludering med umiddelbar verknad. Dette er ikkje særleg uventa, ikkje berre er det formålsteneleg for alle å distansere seg frå denne karen, men hans ideologiske ståstad og gjerningar står i sterk kontrast til det frimurarordenen står for. Frimurarordenen, forutan å vere ein kristen guteklubb, hundsa og baksnakka, har mål om å betre enkeltmedlemmane som menneske, og å bidra positivt til verda rundt seg. Dei er tufta på ein inkluderande kristen filosofi, og har eit sterkt fokus på nestekjærleik. Ein finn nok av døme av at dette ikkje akkurat gjeld i praksis for enkeltmedlemmar, men det var dette med liv og lære då.

Det dei faktisk delar med ABB er svermeriet for Tempelriddarmystikk. For ein som likar å dykke ned i kulturhistorie med iver, er det vanskeleg å innrømme at eit konkret svar på korleis frimurariet oppstod er vanskeleg å finne. Ein har eit par leietråder her og der, og nokre ting ein kan seie med litt vissheit, men det er rom for nok tvil til at myter vert spunne. Og sjølv om ein gjerne trur at desse mytene først og fremst vert spunnen utanfor det løyndomsfulle brorskapet, så er det innanfor ordenen det verkeleg kreative arbeidet skjer. Som eg har sagt ved tidlegare høve, og med all verdas respekt; Spekulativt frimurari, førar til spekulative frimurarar. Og den mest vanlege spekulasjonen, ein av grunnpilarane til frimurarordenen er at dei på eit vis har arva sin filosofi og rituelle praksis ikkje berre frå vandrande murarlærlingar, men frå Tempelriddarordenen som måtte gå i skjul. York-rituset lev dette heilt ut i symbolbruk, ritual og titulering av gradane, og ein finn det òg i det langt meir kjende skotske rituset.. Salomons tempel, som står sentralt i ritual og filosofi i Frimurarordenen, var sjølvsagt hovudsete for Tempelriddarordenen i den tid korsfararane framleis hadde kontrollen over Jerusalem.

Det eksisterar ein Tempelriddarorden i Skandinavia i dag, men denne har ikkje ABB noko omgang med, og han kjenner kanskje ikkje til den i det heile tatt. Tempelriddarordenen, er ein kristen avhaldslosje, dedikert til mykje det same arbeidet som Frimurarordenen, og som mange stadar delar lokal med dei. Denne Tempelriddarordenen er ei avgreining av IOGT, International Order of Good Templars, ein kristen avhaldsorganisasjon som er involvert i ulikt veldedigheitsarbeid. Her kan menn, kvinner og barn alle vere medlem, og det fungerar litt som lettversjonen av eit ordensforbund, og det er herifrå Tempelriddarordenen kan rekruttere (samt no Tempelbyggjarordenen som er det "nyleg" stifta kvinnelege motstykket). Ein bror i Tempelriddarordenen sverger total avhald frå alkohol, og skal ikkje ha omgang med rusmiddel, og dette forklarar kanskje kvifor dei ikkje er like kjendt som frimurarordenen. Det paradoksale er at i motsetnad til Frimurarordenen, så hevdar ikkje Tempelriddarordenen å ha historiske band til dei originale Tempelriddarane, tvertimot kan ein kvar meister gje deg ei ganske så prosaisk forklaring på korleis brorskapen oppstod. Derimot står ideala til Tempelriddarane sterkt her, og det er den åndelege arva dei ønskjer å handheve.

Men så kvar det ABB sysslar med? Kvar er det han får desse rare ideane sine i frå, då? Han hevdar å ha vore med og stifta ein ny Tempelriddarorden, PCCTS Templar Knights. Javel? Kven er det? Det er iallefall ikkje desse, som vart skipa på spøk for å demonstrere kor lett det var å lure folk med konspirasjonsteoriar. Utover det har ikkje denne riddarordenen noko tilstadevering på nettet eller ein annan stad - eksisterar den berre i hovudet på ABB?

Om ein les gjennom hans berømmelege manifest er det mykje rart som tydlegvis berre eksisterar i hovudet hans, men det er òg ein del tankegods han delar med andre. Og forutan mykje politisk grums, gjeld dette ideen om den kristne superkrigaren - tempelriddaren. Ein totalt misforstått idè om du spør min ven Bjørn Are Davidsen, eller ei anstendig historiebok. Om ein skal tru på mytologien rundt han, så er denne tempelriddaren ein dedikert korsfarar og supersoldat, med ein utprega mystisk og religiøs, okkult om du vil, krigar. Han var kristendommens forsvarar, som med presisjon dreiv muslimane vekk frå det heilage land med sverd i hand, gjerne med kommandotaktikkar og kløkt attåt sverdet. Dette biletet stemmer diverre ikkje utanfor litteratur, film og spel, i røynda var Tempelriddarane ein munkeorden, som sverga å beskytte pilgrimane. Deira formål var ikkje å erobre det heilage landet, men å vegen til det, med andre ord. Og då det vart naudsynt å atterobre området deltok dei sjølvsagt, med både hell og uhell i strid. Graden av iver etter å erobre områder styrt av muslimar varierte etter leiarskapet, og det herskar ein smule strid om i kor stor grad dei var styrt av pragmatisme og fanatisme. Låg dei i krig med muslimane av religiøse årsaker, eller politisk-økonomiske? Svaret på det trur eg vil seie er ein lett blanding. Det er ikkje noko tvil om at verdsleg makt var viktig for ein orden, og dei vart ein viktig maktfaktor i Europa fram til dei vart bannlyst.

Det vi sitt att med er nok ein skivebom frå terroristen, ikkje tempelriddaren, ABB. På alle tenkjelege vis har han misforstått og forrådt ideala til organisasjonane han hevder å emulere og representere, anten det no er Tempelriddarane eller frimurarane. I sitt manifest skildrar han seg sjølv, og dei som skal følgje han, som riddarar, dommar, jury og bøddel, og eit innviingsritual som han har skrive om frå innviingsritualet til Frimurarordenens første grad. Dette er eit innviingsritual han sjølv har deltatt på, og den eden han sverga der, har han forrådt med sine gjerninger.

Det kan vere eit interessant prosjekt å sjå vidare og nøyare på kva han faktisk skriv og hevdar om den mytologisk-historiske Tempelriddarordenen, og korleis dette er relatert til hans påståtte tempelriddarorganisasjon. Korvidt denne eksisterar er eit opent spørsmål. Ein har ingen annan indikasjon på at den gjer det, utover hans omtale av den. På den andre sida hadde vi heller ingen annan indikasjon på at ABB var ein alvorleg trugsel, før det var så altfor seint. Så kunnskapen vil komme godt med. Eg tenkjer difor å sette meg ned med dette etterkvart. Slik for å vise at ABB ikkje var ein frimurar, ikkje var ein tempelriddar, men at han var ein terrorist som pakka seg inn i historie og mytologi for å styrke bilete av seg sjølv som ein helt.

Så legg att kommentarar, innspel og tankar, dei er hjarteleg velkomne i prosessen vidare.

13 kommentarer:

  1. Veldig bra! Vi håper du bidrar til prosjektet vi har nevt for deg med tiden, du vil være en ressurs! Spammer denne posten.

    SvarSlett
  2. God og oppklarende oversikt Kristian. Jeg gir deg et plusstegn!

    SvarSlett
  3. Jeg følger spent med om du ser videre på det! Biter meg merke i at han omtaler ordenen som fiktiv, og later til å insinuere (eller ta sikte på?) at fiksjonen kan bli virkelighet. Forøvrig skriver jeg om relaterte ting her, publisert omtrent samtidig: http://wp.me/pNJsh-do

    SvarSlett
  4. Jeg kunne svært godt tenke meg å lese den dekonstruksjonen du legger opp til i den siste paragrafen. Et godt innlegg, selv for en person som meg med liten innsikt i akkurat den delen av verdenshistorien.

    /tomas

    SvarSlett
  5. Egil: Ditt innlegg sett jo midt til skamme, eg skumlas det på senga i går, og det var solide greier. Skal sette meg ned og lese det grundigare når eg kjem på jobb. Takk for at du tar deg bryderiet.

    Cthulberg: Ja, eg vonar å kunne spinne noko rundt det dei neste dagane, men å lese det der manifestet hans i detalj er ei hovudpine.

    SvarSlett
  6. Godt skrevet av som vanlig, eneste ankepunktet er vel omtalen av Frimurerene som en svært kristen organisasjon. Det er forsåvidt rett, men samtidig bør det nevnes at min erfaring er at i de miljøene som vi gjerne omtaler som konservative-kristne (bedhus og frikirker), så blir frimureren sett på som vranglærte. Føler at norsk media ikke fikk dette med seg når de omtalte ABB som konservativ-kristen de fleste tenker jo da på Bedhusene i vårt land.

    SvarSlett
  7. Ja, det er klart at ein del kristne ikkje oppfattar frimurariet som kristent. Dette er ein kombinasjon av at innhaldet i rituala vert oppfatta som ukristelege, og haldningar knytta til frimurariet i evangeliske kretser i utlandet der frimurariet ikkje har ein så sterk kristen profil som i Noreg og Sverige. I andre land er det nok med ein monoteistisk tru på ein skapargud, men i det norsk-svenske ritus krevst det at medlemmane bekjenner seg til den kristne tru. Noko som eg skriv er ironisk, då uttalt kristne tempelriddarordenen, ikkje krev det same - her krevst det først og framst ein kristen oppvekst, då denne gjev referanseramme for symbola tatt i bruk i dei ulike gradane og rituala.

    Kva gjeld ABB som kristenkonservativ trur eg vi kan leggje død, han kan kalle seg det så mykje som han vil, men han er ikkje ein "kristen terrorist", like lite som folk som sprenger seg sjølv i lufta er "muslimske terroristar", det han gjorde er inkompatibelt med religionen.

    SvarSlett
  8. No true Scotsman.

    Kristendommen er inkompatibel med seg selv. En kristen som prøver å følge Bibelen må elske sin neste (Matt 5:43) og må hate sin neste (Luk 14:26). Skal hun drepe eller skal hun ikke drepe? Kristendommen må uansatt "tolkes", som i praksis betyr at man må velge hvilke deler av Bibelen og Kristus' lære man ignorerer og hvilke man følger.

    Breivik var tydeligvis ikke opptatt av Bibelen, så en fundamentalist var han ikke. Men han skriver altså selv at han er kristen. En slags sekulær kristendom, kanskje, men også en som tilsynelatedne ikke er veldig ulik den til mange andre av Statskirkens medlemmer som skjelden eller aldri leser Bibelen eller går i kirken, men likevel regner seg som kristne.

    SvarSlett
  9. Etter å ha oppfrisket litt i noe mer våken tilstand enn i går er jeg enig med Cthulbis. Dekonstruksjon er spennende. Men jeg har full forståelse for denne hodepinen du snakker om.
    Etter å ha lest store deler av manifestet skulle jeg gjerne sett litt analyse av de merkelige visjonene hans om hva han mener PCCTS skal være for noe. Jeg har konsentrert meg om andre ting, men det antallet analyser man kunne skrive på bakgrunn av dette sludderdokumentet er enormt.

    SvarSlett
  10. Ja, eg skal gje meg i kast med det. Helst innan deadline for neste nummer av Humanist. Det er iallefall planen, men eg merker på meg sjølv at dette og alt eg har å gjere på jobb er vanskeleg å kombinere. Eg treng å finne litt ro, og må eventuelt gå offline ei stund om eg skal få dette gjort.

    SvarSlett
  11. @Håken: Kan du være så snill å lese Lukas 14:26 og forklare hvor det står noenting som helst om å hate?

    Ja, det bibelen er til tider inkonsekvent eller selvmotsigelse. Men akkurat her må en ha kraftige konspirasjonsbriller på for å lese det du gjør ut av teksten.

    SvarSlett
  12. En av de største misforståelsene ABB fremviser er ideen om at Tempelridderne hatet muslimer. I virkeligheten var det hyppig og tett kontakt mellom dem, og tempelriddernesdiplomatiske evner og gode rykte som hederspersoner unnverget mangt et slag.

    Det er også indisier på at de hadde direkte filosofiske og religiøse utvekslinger med saraceerne, ja selv hassasinerne som var muslimenes motstykke til tempelridderne. Noe av dette lever videre i moderne tempelridder ordener som feks OTO.

    SvarSlett