tysdag 12. juli 2011

Kongen i gult - ein song

Kjenner du hans løyndom? Veit du kva som skjuler bak maska? Hedonistorkesteret har nok ein gong briljert i si markering av mulladagen med ein ny song om dykkar åndelege rettleiar.

Kongen i gult er ein song tydleg inspirert av dei åndelege røttene til vårt folk her i nord, som attspeglar dei den spiritualitet vi deler på tvers av kulturelle og religiøse skiller. Ein urspiritualitet som komponisten har funne gjennom sitt studier av mine audmjuke fatwaer i denne bloggen. Her følgjer sang og tekst;



 Kongen i gult by Hedonistorkesteret

(Tekst og melodi: Café Grössenwahns Sublime Hedonistorkester, 11. juli 2011)


Eg segla til Bjørgvins strand
- Under dei sju fjell
Der møtte eg ein herremann
- Ïa Ïa! Hastur Fthaghn!
Om mykje og mangt han tala så underleg
Men han synte meg den rette veg
Han tala til eg vart nesten stum
Han tala om Pandamonium
Med sitt store arbeid jobba han flittig
Han kalla på sin gud Hello Kitty
Og no når eg står her i Bjørgvin by
Kallar eg på han til morgongry
Om hans lære for mange ligg skjult
Er han framleis kongen i gult
Hastur skal herska vårt land
Og alle skal hylla hans namn
Ïa Ïa! Hastur Fthaghn!
Ïa Ïa! Hastur Fthaghn!


Eg vil anbefale dykk å laste ned songen, og ha den på dykkar MP3 spelar. Og send den gjerne vidare til vener og familie som treng å høyre desse inspirerande strofene. Nok ein gong går vår takk til Hedonistorkesteret for å ha fylt vårt sjel med glede og Guds lys.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar