tysdag 5. juli 2011

Eit reisebrev om Pandamonium

Kampen mot Pandabamsane sitt komande terrorvelde, Pandamonium, er ustoggeleg. Dette er noko eg har tenkt på medan eg vandrar rundt i gatene i London, der teikn på strida er enno meir tydlege enn i trygge Noreg Vi gjev oss aldri, og vi skal vinne eller døy i kampen. Tidvis ser det heile mørkt ut, Pandamoniums tak på vår kultur og medmenneske er nesten umogleg å bryte. Stadig ser vi døme på at menneske frivillig underkastar seg dette mentale tyranniet, utan eigentleg å forstå kva dei gjer seg i kast med. Dei er søte, seier er dei, vi vil vere som dei! Nei, det vil de ikkje, kven vil vel leve på bambusskot og leve eit liv utan sex, fullstendig avhengig av slavar for å vidareføre sine genar? Tenk på det neste gong du vurderar å ta på deg eit slikt jævleg klesplagg - å vere ein panda, er å seie nei til sex!

College derimot, er heftige mengder med sex, det har eg sett på film!

Kina har alltid vore eit kjernespørsmål i strida mot Pandamonium. Det er klart at i den grad Kina har gjort Pandamonium si sak til si eiga, vert òg Kina si sak til Pandamonium si sak. Det er ikkje utan grunn at ein ofte lar Pandaen representere Kina i biletlege framstillingar. Som denne typiske reklameplakaten frå The Economist, der Kina og Pandamonium vert sidestilt som vennlege konsept; som ein vennleg alliert!
Dette er jo sjølvsagt skandaløst, men eg merker ein vind av endring. Eg vonar og trur at fleire og fleire får auga opp for kva Kina eigentleg er, og kva slags kreftar dei er alliert med! Ein annan reklameplakat frå The Economist er tydleg på dette.
Det kan virke som om The Economist har eit ambivalent forhold til desse bambusetande monstra, og deira kinesiske lakeiar, men i det minste er dei på gli og innser at dei kan utgjere ein trugsel mot vår sivilisasjon. Om dette held fram ser eg fram til at The Economist kan bli eit motstandsblad!

Inntil då! Fatt mot, kameratar! Og kjemp tappert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar