søndag 21. august 2011

Det svakaste leddet i Doctor Who

No prøver eg, tru det eller ei, å unngå å bombardere dykk kjære lesarar med Youtube-videoar, særleg av det meir nerdete slaget, men avogtil er det uomgjengeleg. Som når eg har snubla over det som må vere tidenes beste episode av britiske The Weakest Link. Her har dei samla innehavarane av store og små roller i Doctor Who til å svare på spørsmål så godt dei kan, medan dei vert hundsa av programleiaren. Og resultatet er fabelaktig moro, simpelthen. Så sett dykk ned og sjå, no!









Om du følgjer med gjennom episoden, så ser du ein interessant psykologisk tendens i avstemminga. Jamt over stemmer stjernene ut dei mindre kjendte skodespelarane. Då stjernene føler seg meir som ein del av ein familie, enn dei som til dømes berre har vore med i 2-3 episodar eller som jobbar bak kulissane.

Ser du?! Eg kan kommentere dette på eit seriøst vis òg.

Blue tits.

1 kommentar:

  1. Fabelaktig opplading til del 2 av sesong 6 begynner neste helg :)

    SvarSlett