laurdag 27. august 2011

Fotoforbod

For eit par år sidan fekk studentane i Bergen eit nytt Studentsenter; ein stad å treffast, å ete, ha seminar, få råd og trene. Ja, dei fekk tilogmed ein flunkande ny symjehall. Symjehallen vekte med ein gong ein del merksemd, då den hadde eit litt underleg arkitektonisk konsept. Veggane var av glas. Så alle som vandra ute, kunne stå langs fortauet og kikke inn. Det vart med andre ord ikkje ein symjehall for dei mest beskjedne blant oss.

Og det har kanskje vore eit problem etterkvart, for nyleg var dei nødd å innføre eit fotoforbod på gata utanfor.
Det er sikkert veldig tryggjande for dei som vil symje i fred.

På den andre sida, så er det noko med slik skilting som berre BER om å verte fotografert.

3 kommentarer:

  1. Must...press...big, red shiny button Must...press...big, red shiny button

    SvarSlett
  2. Don't let the bastards get you down!

    Svein

    SvarSlett
  3. Ja, nokre ting er berre uimotståeleg. Og eg ville aldri latt denslags tullball hindre meg i å følgje min natur. Eller noko slikt.

    SvarSlett