tysdag 9. august 2011

Gullunger og drittunger

Vi har eit problem. Eit vedvarandre problem. Med drittunger.

I etterkant av 22/7 har ordskiftet gjerne vore fokusert på ekstremistar som Fjordman og andre antijihadistar, som kombinerar sin hatske retorikk med kunnskap henta frå marginale bøker og konspirasjonsteoriar om islam. Vi vil nok erfare at desse er vanskeleg å argumentere med, då dei opplev ein kvar form for kritikk som forsøk på å kneble dei eller undertrykke dei. Fleire av dei har allereie kasta seg rundt for å påta seg offerrolla, medmindre dei er såpass sprø at dei meiner at eigentleg var Arbeidarpartiet sjølv som stod bak. Cui Bono skrik dei, kampropet til rabiate schizophrene paranoide etterforskarar.

Vi gløymer i den samanhengen dei som er langt unna det meir "intellektuelle" hjørnet av debatten, dei som slukar bruddstykker her og der, utan eigentleg å fange essensen. Dei som kjøper enkle demografiske bevisføringar for at "dei" tar over ved å avle bleikfisar ut og liknande. Dei du høyrer snakke på bussen, skrike i kommentarfeltet eller kanskje tilogmed spytter ut eit blogginnlegg i ny og ne. Det kan vere minst like vanskeleg å nå inn i skallen på eit par av dei, og vi må spørre oss sjølv kvifor. Korleis kan vi forklare noko for dei som ikkje forstår logikk og som fnys av den lille skulegang dei har gått gjennom?

Korleis skal vi nå fram til "Gullungen" Lars-Petter Granli, dette er overpynta fjolset som skryt av å vere ein bortskjemt kvise på samfunnets rumpe når han erklærar at Breivik har eit poeng? Og følgjer dette opp med eit innlegg med heilt forkvakla demografi henta frå ein eller annan besynderleg Youtube-video som allereie er blitt plukka frå kvarandre av BBC? I seg sjølv smakar demografiske teoriar om at muslimar avlar ut kvite menneske av så mykje rasisme at det gjer vondt. Det er ikkje ein gong morosamt. Så korleis reagerar han på motstand? I første omgang vil han ikkje sleppe gjennom kommentarar som inneheld motstridande data, nei. Helst skal kommentarane støtte han, eller så kan dei berre kritisere på overflata. Ingen konkret data her i garden. Og etterkvart som reaksjonane ballar på seg, så vert han sjølvsagt hysterisk. For han er så flott, og vi andre tåler jo berre ikkje kor flott han er. Gud betre meg, den neste som seier noko om jantelova til meg får ein på snøvla.

Så kanskje han burde haldt seg til å blogge om kor sjølvbruningskrem og kva fest han var på i helga? Diverre har slike folk òg høve til å påverke ungdom. Sjekk kommentarane, alle dei siklande støvelslikkarane som seier seg einig i det han seier. Og sjølvsagt hopper sjølvaste, Heidi Alexandra Olsen, seg inn i det heile, og kopierar statistikken hans på sitt sedvanlege gjennomtenkte vis. Det heile er eit frykteleg trist syn. Dette er ungdommen, vårt lands framtid.

Så når ein no manar til kamp mot allskens uting på nettet, og vil prøve å heve debatten opp på eit meir anstendig nivå, så gløym ikkje rosabloggerar og gullunger smurt inn i 10 kilo med brunkrem. Her er det mykje arbeid å gjere gitt...

18 kommentarer:

  1. Fin Gjeng. Hvordan kan man nå de? Ikke at jeg har noen forhåpninger om at det er mulig for folk som er opptatt av selvbruningskrem, men dog?

    SvarSlett
  2. Du kan leggje att ein kommentar, elles har dei sjølvsagt ein mailadresse dei mange sponsorane og bedriftane som vil dei skal halde foredrag for dei kan ta kontakt på.

    Eller skrekk og gru lærarar. Trur du lærarar inviterar gullungane til å halde foredrag for elevane sine? Faen... no fekk eg lyst til å grine berre av tanken.

    SvarSlett
  3. Må faktisk gi FHM cred for å faktisk slutte å sponse denne tragiske bloggeren etter sitt "umusikalske" innlegg. (oi, stakkar, for en hets!)

    SvarSlett
  4. Ja, fekk litt lyst til å skrive for dei no...

    SvarSlett
  5. No har gullungen trukke attende dei to blogginnlegga sine: "Jeg ville bare ytre meg, men det er visst ikke lov lenger (?)": http://lpg.blogg.no/1313059142_tilbaketrukket.html

    Men han er ikkje redd for kontrovers, og heiv seg ut i innvandringsdebatten att no i natt, med eit innlegg basert på eit oppslag frå VG frå den gongen han sjølv gjekk i småskulen: http://lpg.blogg.no/1313016255_udiskandalene.html

    SvarSlett
  6. Oppfølging postet i min blogg. :)

    SvarSlett
  7. Huffda, trøbbel for gutten; http://www.nrk.no/nyheter/1.7744893

    NRK er skikkelig dritschlemme ass! :
    http://www.granlis.com/

    Beate Sz

    SvarSlett
  8. Hovedpoenget med en diskusjon slik jeg ser det er ikke nødvendigvis å "omvende" den du debatterer med, men å få fram dine momenter slik at tilskuere kan ta et overveid avgjørelse basert på dine og din motdebattants momenter.

    Ikke at det blir noe særlig lettere når disse rosabloggerne sensurerer alle som er uenige med dem...

    SvarSlett
  9. Jeg merker at jeg har lettere for å tolerere 56år gamle trygebrukere fra Smøla som sitter og hater muslimer bak keyboardet som en hobby en jeg har disse folka her. Med den førstnevnte gruppen kan jeg snakke som til et lite barn, men disse folka her gir meg bare lyst til litt kreativ waterboarding. Landets ungdom, ja. Vi gremmes.

    SvarSlett
  10. Ble i alle fall glad da jeg hørte at blogg.no har mistet sponsorer som følge av dette. Det skulle bare mangle! Om de lar slikt menneskefiendtlig søppel bli spredt i sitt navn så fortjener de ikke å ha en eneste liten sponsor engang. Nei, ikke en eneste lipgloss, ikke et lite lag av den siste neglelakken!! Ingenting!!

    SvarSlett
  11. Eg har verkeleg ikkje så mykje å innvende her. Har lagt ut eit innlegg med siste nytt i dag.

    SvarSlett
  12. BBC-artikkelen er ikke perfekt. Den kritiserer de feilene den kan, men unnlater å bekrefte de delene av påstandene som er gyldige. Hvorfor sies det for eksempel ikke noe om den russiske tilstanden i BCC-artikkelen? Og selv om veksten i den muslimske befolkningen skulle være lavere enn det som sies i videoen, behøver ikke hovedtesen være feil, har du tenkt på det? Om vi får et muslimsk flertall i 2050 eller i 2090 er vel ett fett?

    SvarSlett
  13. Eitt feitt er ordet. Å sitte å uroe seg over at "den framande" skal ta over om x antal år er irrasjonell framandfrykt, og ikkje så veldig ulikt paranoide rasistiske førestillingar om at den kvite rase vert utrydda. Er det dèt du er redd for, Anonym?

    SvarSlett
  14. Til hatretoriker å være er du ganske god, Tristur. "Siklende støvelslikkere"? I UK var Muhammed det mest populære guttenavnet på nyfødte i fjor.

    SvarSlett
  15. Takk skal du ha, Anonym. Kanskje du skulle skaffe deg eit namn? Eg høyrer Muhammed er populært. Og det er ganske pent òg.

    SvarSlett
  16. Hvor mange guttebarn ble det født i Storbritannia i fjor som het noe annet enn Muhammed? Var det flere enn det var som het Muhammed? For du skjønner vel selv hvor latterlig dårlig indikator du opererer med her?

    SvarSlett
  17. "heilt forkvakla demografi henta frå ein eller annan besynderleg Youtube-video"

    Denne linken er knekt. Fikser du den? Jeg vet desverre ikke helt hvilken artikkel det siktes til, ellers skulle jeg limt den inn for å hjelpe til.

    SvarSlett
  18. Eg kan diverre ikkje fikse det, då Gullungen har sletta sine mest støytande innlegg etter han møtte kritikk. Hysteriet er vedvarande hjå unge menn som et barnemat dagleg.

    SvarSlett