søndag 7. august 2011

Med auge for Polen

Mullaen er katteelskar, det er jo opplest og vedtatt. Han elskar alle kattepusar, uavhengig av rase og form. Dei er alle yndige vakre vesen, sjølv om han kanskje har eit ekstra godt auge til kattetypen kjendt som Kitler. Det er særleg vanskeleg å ikkje vere glad i Kitlerar med ambisjonane på rett stad, slik som dette vidunderleg målretta vesenet:
Med auge for Polen, og framtida!
Er det ikkje vakkert? Minner meg om den vidkjendte strategen og trollamannen Salem Saberhagen, som gjorde eit ihuga forsøk på å invadere Polen... men som vart dømt til å leve ut livet sitt som katt i heimen til ei tenåringsjente. For ein lagnad.

Vonar ikkje det skjer med overnemnte kattepus.

Eller meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar