onsdag 10. august 2011

Myter om ein drapsmann

Det er uomgjengeleg at ein drapsmann som Breivik vil tiltrekke seg myter; vi vil sjå opphavsforteljingar og forteljingar om korleis ting gjekk føre seg i 22/7, såvel som kvifor, i åra som kjem. Det er berre naturleg at mange vil oppleve han og hans gjerninger som eit fascinerande mysterium, og noko som bør etterforskast og spekulerast i. Slik ein har gjort med drapsmenn av dette kaliberet tidlegare. Han skil seg ut frå namnlause martyrhungrige terroristar i at hans aksjon var skapt for nettopp dette, på same vis som aksjonen 11. september 2001.

Når det er sagt; så er det framleis eit opent spørsmål om kva forteljingar som får lov til å dominere. Og dette var temaet for Radioselskapet på NRK P2 i dag, der eg hadde forvilla meg inn for å pludre. Du finn meg rundt 6 og eit halvt minutt inn i podkasten.

Mykje er skriven rundtomkring om dette, og eg vil anbefale alle å ta del og spre moroa. De kan mellom anna byrje med the 22/7 Documentation Project. Det er krevd av oss å avkle Breivik som den terroristen han er, og den historia han fortel i eit forsøk på sjølvmytologisering vert avslørt som den løgnen det er. Underlege historier og konspirasjonsteoriar vil vi neppe klare å unngå i denne saka, men vi kan i det minste sameinast at det ikkje er hans forteljing vi lar verte historia.

2 kommentarer:

  1. Takk for at du anbefaler prosjektet vårt :) Det er bare for folk å bidra, jeg er admin så gi lyd om det er noen spørsmål :)

    SvarSlett
  2. Jeg synes det og er både besynderlig og farlig med den "lone gunman" vinklingen som stadig brukes til å forklare denne figuren. Om han var aldri så alene om å flippe helt over, har hatet og konspiranoiaen grodd og nært seg selv noe så til de grader blandt disse utgruppene av "islamkritikere" som han flittig klippet fra.

    SvarSlett