Vi må snart byrje å snakke om noko anna enn villfarne terroristgaukar og brunkfremforgifta drittunger. Det er mykje viktig der ute som forten merksemd, om vi berre klarar å rive oss laus frå den trivielle straumen av informasjon og underhaldning på fjernsyn og i nettaviser. Vi bør reise oss frå sofaen og gå ut og snakke saman litt i ny og ne, stikke hovudet ut av kontoret og bable litt med kollegaer som ein ikkje har på facebook-chatten. Ein vågal tanke, men ein tanke som er verdt å tenkje. Elles kan vi alle ende opp som våre verste fiendar;
Nemleg! Pandajævlar! Late, uvirksomme tyrannar som nekter å løfte på ræva! Dei styrar det meste av media, og vil ikkje noko anna enn at vi skal bli like ubrukelege som dei. Berre for å tene dei skal vi løfte hendene våre i framtid, berre for deira gunst vil vi utøve våre naturlege livsfunksjonar! Pandamonium er ikkje ein mindre realitet no enn før, krigen er så visst i gang!
Sjå på deg sjølv der du sitt; mett på rykter sladder og meiningslaus analyse av alle aspekt av Breviks avføring! Forvirra og forskrudd av nettdebattantar, sliten i hovudet av å lese gærne rosabloggerar som sitt og tygger på lebestifta medan dei smører fecalmaterie utover verdsveven! Eg forstår du er sliten! Eg forstår du ikkje orker å reise deg! Men kjemp i mot! Kjemp i mot Pandamoniums stygge påverknad!
Oj... eg snakkar visst høgt til meg sjølv eg. Det er semesterstart, og mullaens hjerne jobbar i høygir med alt anna enn kreative ting.

Jeg er veldig sliten. Men i morgen skal jeg heldigvis begynne å jobbe igjen.
SvarSlettSvein
(Få'kke logga inn med googlekonto!)
Viktig å vere aktiv, Svein! Hugs å lære dine nye elevar om vår vakre moskè.
SvarSlettForetrekker pandaene late og uverksame framfor slik.
SvarSlettMen det er to sider av same sak, eigentleg! Dei er for late til å ha sex, men ganske så driftige når det kjem til å brutalisere menneske!
SvarSlettNår du planlegger å ødelegge verden er det liten vits i å formere seg, derav pandaenes mangel på sex. Sier jo seg selv?
SvarSlettDei vil ikkje øydeleggje verda såvidt eg veit, berre herske over den. Og oss.
SvarSlett