måndag 1. august 2011

Verdsfreden vert skapt i Bergen

Å skape fred i verda; ei av dei største utfordringane vi står overfor, og kanskje ei utfordring vi aldri vil kunne meistre. Særleg då vi gjerne er for satt i faste t ankemønstre når vi først er i posisjon til å påverke verda. Den amerikanske læraren John Hunter har tatt konsekvensen av det, og i over 30 år har han latt sitt skuleelevar gjere jobben i staden for. I fjor vart dokumentaren om hans World Peace Game vist ved BIFF:



Det er eigentleg vanskeleg å ta innover seg kor komplisert dette spelet er, og kva han faktisk utsett desse skuleelevane for. Dette er nok til å forvirre og overvelde vaksne, godt utdanna menneske. Korleis eg veit det? Eg var der i dag, då han for første gong satt i gang spelet for nokon andre enn sine eigne skuleelevar, for første gong utanfor klasserommet, for første gong utanfor Amerika og... for første gong med vaksne menneske. Her var det alt frå filosofar og lærarar til unge studentar som satt og stirra i frykt på problema dei vart presentert for. Kva eg gjorde der, er sjølvsagt uvisst, eg vart invitert av organiastorane anten fordi eg er spelforfattar, bloggar eller har ein vinnande personlegheit. Uansett så var eg der som observatør, men fann meg snøgt til rette i lag med våpenforhandlarane i eine kroken og var snøgt i gang med å plukke ut potensielle kundar blant spelarane.

Kvar ettermiddag/kveld dei neste fire dagane skal spelarane møtast her i Bergen og forsøke å oppnå verdsfred og løyse eit sett med 20 konflikter/utfordringer som alle har fleire partar, og ulike element. Dei heng òg saman, så du løyser ikkje eitt problem utan å endre forutsetnadande for fleire av dei andre. Her er det alt frå etniske konflikter, ressurskonflikter, kulturelle og historiske konflikter og ikkje minst rein faenskap. Miljøet er i krise, industrien er i krise, og alle landa er på randen av minst ein krig, og plaga av indre strid. Korleis i all verda klarar 4. klassingar dette? Og korleis skal dei vaksne spelarane klare det?

Dei har til fredag kveld å redde jorda, og å fordele godane slik at alle kjem ut i pluss, og det er ingen garanti for at dei kjem til å klare det. Ingen garanti i det heile. Eg er frykteleg lei meg for at eg ikkje får deltatt alle dagane, men vil nok snike meg innom så ofte eg kan denne veka og sjå folka fortvile etterkvart som planane deira for verdsfred raknar totalt. Og eg ønskjer mine vener våpenhandlarane lukke til med å flå alle saman.

Du kan følgje med på nettsida til World Peace Game og Facebooksida til World Peace Game Bergen, forhåpentlegvis er det ikkje siste gong det skjer. Om du har lyst til å sjå den karismatiske læraren John Hunter prøver å forklare spelet i full forvirra feberfantasi, er det berre å kaste seg over denne TEDtalkvideoen:



Det er simpelthne noko med folk som jobbar for fred i møte med sterke motsetnadar som er frykteleg passande i desse dagar.

7 kommentarer:

  1. Fascinerende spill og mann. Utrolig flott å se noen med et brennende engasjement for et så rent inspirerende prosjekt. Kjenner det berører alle spillnervene mine i tillegg til å gi meg videre tro på menneskeheten :)

    SvarSlett
  2. Kristian Grønseth2. august 2011 kl. 10:02

    Fascinerende, så på det og en liten del av hjernen min nekter å tro at noe sånt kan lages ("For godt til at jeg klarer å tro på det"-refleksen), men hvis vi kan få unger til å lære seg kompleks problemløsning i fellesskap før Tea Party Norway-gjengen og Ayn Rand-tilbederne får tak i dem, får jeg håp for verden?

    SvarSlett
  3. Hvis denne Hunter har forstått hvordan verden henger sammen godt nok til å lage et realistisk spill av det, kanskje vi like godt skal utrope ham til verdenshersker?

    Som eks-rollespiller og brettspiller har jeg lenge irritert meg over dem som tillegger slike foretak noen verdi utover å underholde (og underholdningsverdien er også ganske tvilsom).

    SvarSlett
  4. Vel, i utgangspunktet er eg skeptisk sjølv, men underhaldningsverdien var det lite å seie på. Folk vart snøgt oppslukt av spelets røyndom, og vart verande der ut veka.

    Kva gjeld spelet som læringsverktøy så må ein skille mellom barn og vaksne; det er ikkje noko tvil om at dette er ei veldig lærerik erfaring for borna. Og det virker som om dei vaksne spelarane tok med seg noko derifrå òg, sjølv om mykje av dette var stadfesting av deira eige verdsbilete.

    SvarSlett
  5. Jeg har i min tid skrevet lange avisinnlegg hvor jeg har kritisert slike spill, skulle hatt en historikk jeg kunne søke i (mulig det ligger og støver ned et sted på harddisken).

    Men jeg mener det er ikke nok å undervise, man må også passe på å ikke gi folk inntrykk av at de forstår mer enn de gjør. Noe slike spill mislykkes totalt på. Og følgelig, siden spillene elegant utmanøvrerer elevenes tendens til å stille spørsmål med lærerens (spilldesignerens) virkelighetsoppfatning, kan de like gjerne brukes til å formidle dårlige budskap som gode.

    SvarSlett
  6. Årsaka til at eg framhever akkurat dette spelet, er fordi eg meiner John Hunter gjer noko anna enn desse andre spela som prøver å prakke ein bodskap på spelarane. Han har funne ei oppskrift som fungerar på eit heilt anna vis.

    Kanskje best å sjekke ut spelet, før du antar at det er FN-spelet det er snakk om?

    SvarSlett
  7. Det var ikke slik at jeg antok at det var et spesielt spill som jeg hadde prøvd.

    Jeg misliker både slike spill med åpne budskap (f.eks Røde Kors' "På flukt") og forhandlingsspill.

    Det kan jo hende dette spillet er bedre som spill - det burde være mulig å lage et bedre spill enn f.eks det FN-spillet vi ble dratt med på på Hustad leir, nå som det har blitt utviklet så mange bra samarbeidsbrettspill, som f.eks Pandemic - men det kommer fortsatt fra propagandaspillenes tradisjon.

    SvarSlett