fredag 23. september 2011

Eg er smigra, men det var ikkje meg...

Ikkje ein mann i tjueåra
Det er dei som sprer rykter om at eg ser ut som ein mann i tjueåra, det er frykteleg smigrande, men det var altså ikkje eg som var denne mannen i tjueåra som overfall Ulrikke Lund og skambanka henne med eit glis om kjeften.

Som dei fleste andre som har runda 30, så gjer eg jo sjølvsagt mitt best på å oppretthalde eit ungdommeleg ytre, men eg kan verkeleg ikkje skryte på meg å sjå ut som ein "gutt" i tjueåra. Eg er dessutan ikkje noko særleg til valdsmann, og skulle eg ha satt for meg å vere slem mot Ulrikke Lund, så hadde eg berre lagt att ein kommentar angåande stilen hennar. Ein kan meine kva ein vil om fillene ho surrer seg inn i, og merksemda ho får for det, men eg tykkjer det er relativt ubehøvla å slå henne ned for det. Er det slik at vi som bloggar om kle og stil, ikkje skal gå i fred på gata?

Ja, eg er klar over at det er eit hav av kvalitetsforskjell mellom meg og frøken Lund, men eg prøver ikkje å halde det i mot henne at ho er fanga opp i eit univers av sjellause motemagasin og kyniske klesprodusentar. Det er vel berre ein fase, og ho veks ut av det, utan at nokon treng å ty til overfall.

Så eg tar på det sterkaste avstand.

Og eg gjentar, frykteleg smigra for at nokon trur eg kan verte tatt for å vere i tjueåra, men det var verkeleg ikkje meg. Eg er gamal. Gamal, og velkledd.

3 kommentarer:

  1. Hahaha!

    Skjønner eigentlig ikkje kvifor noen ville angrepet henne, ho er ikkje akkurat terrorist eller politikar som er tvungen og «tvungen» til å ta upopulære val. Ho er ganske profesjonell motebloggar også, i motsetning til Heidi Alexandra Olsen/life of barbie. Skjønner at noen vil slå henne, spesielt etter ho dreit seg ut på radio. Som du skreiv om for noen veker siden, før det trodde eg ho spilte ein figur.

    SvarSlett
  2. Ac: Den er frykteleg stilfull då!

    Inga: Frk. Barbie burde nok fått litt juling i heimen, ja. Nok ei døme på foreldre som svikter i oppdraginga.

    SvarSlett