tysdag 6. september 2011

Ostepop og osteskruer

I januar var eg så hyggjeleg at eg tilbudte meg å skrive om kva som helst som mine lesarar ville høyre om. Nokre av forslaga var stort sett meir av det same, så dei føler vi at vi har klart å følgje godt opp. Men det var eit forslag som har vorte sittande på hjernebarken og gnagd - ein anonym lesar ville gjerne eg skulle skrive om ostepop. Vi kan jo alle spekulere i kva forhold denne anonyme lesaren har til ostepop (som på nynorsk ifølgje Ikkepedia heiter gullvridlur), og det er lett å sjå for seg ein del aktivitetar som eit kvart moralpoliti med respekt for seg sjølv hadde vore tvungen å gripe inn i. Det er likevel ikkje noko tvil om at ostepop er godt, og ei ettetrakta vare i moskeen. Så i eit halvt år har eg gått her og grubla på kva eg kunne skrive om ostepop, for noko måtte det jo vere. Noko utanom det vanlege. Ostepop har blitt kjøpt inn i store mengder - ikkje berre OLW sine Cheeze Doodles, som mange rekner som dei originale og eigentlege ostepoppane, men andre meir rimelege variantar òg. Ja, for ville det ikkje vere naturleg å skrive om ulike typer ostepop? Eit komparativt studie av ostepop frå ulike produsentar? Tanken frista, men ein prøver å passe vekta her.

Så kva gjer ein då? Ein grublar vidare.

Ein grublar, og ein grublar.

Inntil ein dag, då OLW bestemte seg for å løyse problemet mitt, og presenterte meg og andre forbrukarar for ei ny oppfinning:
Kva er dette? Er det ei skrue? Er det ein ostepop? Den er av ost, ja, liksom, på ein måte... og så fargar den av som paprika. Ja, den smakar jo pittelitt som paprika òg. Men den er som ei skrue.

Hjelpe meg! Det er ei osteskrue!

Oppvakte sinn hugser kanskje at OLW prøvde seg med ostekuler for ei stund sidan? Det var eit fantastisk konsept for alle dei som følte at det ikkje lukta nok rumpe når ein opna ostepopposen - eg sjølv var jo blant dei. No prøver dei seg altså på nytt, med ein ny variant av ostepoppen sin - osteskruer med paprika smak! Eller sagt på OLW-språket;
Cheez Twisterz!

Det smakar eigentleg ikkje så dumt, og det har blitt krevd innkjøp av fleire poser til moskeen. Så her har OLW gjort noko bra, ikkje minst fordi dei har tillatt meg å skrive eit heilt innlegg om ostepop. Og det er eigentleg ikkje så lett som ein skulle tru.

Når det er sagt, så har OLW sponsa meg med korkje pengar eller osteskruer for å skrive om dette. Og det er eigentleg litt synd, for eg lar meg lett kjøpe. Så om nokon i OLW les dette, så er det berre å leggje att ein kommentar med kontaktinfo, så skal eg sende dykk adressa de kan sende framtidige produkt til. I store mengder.

På førehand takk. Og værsågod anonym. Og, sist, men ikkje minst: omnomnom.

8 kommentarer:

  1. Yezzz ønske mitt gikk oppfyllelse selv om det tok sin tid kan jeg nå med sikkerhet leve lykkelig resten av livet.

    SvarSlett
  2. Ser fram til å se at "denne bloggen sponsa av osteskruer" og gulfargen øverst perfekt matcher ostepoppene!

    SvarSlett
  3. Spennande at OLW prøver nye ting, men dei er ikkje for meg. For meg er det kun ein ting som tél: OLW sine originale gullvridlur.

    SvarSlett
  4. Argh! Ostepop er min store svakhet de gangene jeg faller på høykarbokjøret ;-)

    SvarSlett
  5. Allerede i juni 2009 hadde jeg en ostepoppoll, http://hjorthen.org/?p=6651 På tide at noen følger opp ostepopbloggetrenden!

    SvarSlett
  6. Dersom ostepop hadde vært et tekstil, ville det vært filt. Og hvem liker vel filt?

    SvarSlett
  7. Anonym 22:55: Ja, det er det vi er spesialisertar på. Livslang lukke.

    Supermarina: Ja, har nokon hugs aå tipse dei om dette? Har du sendt mail?

    Mostraum: Du må ikkje vere redd for nye ting. Nye horisontar vil stadig opne seg for deg.

    Lene Wikander: Ostepop er aldri ein svakheit. Det er ei styrke. Du må berre vete å bruke den.

    Hjorthen: Og det er det som gjer deg til den norske bloggsfæras ubestridte gudfar, gamle gubbe!

    Anonym 22:51: Berre dersom du deler makarane av Deathspank sin glede over filt! For Ostepop er fabelaktig, og du har med dine ord gjort meg til tilhengjar av filt. Din bæsj!

    SvarSlett
  8. Ostepops har for alltid blitt ødelagt for meg etter at jeg kom over denne stripen (dårlig avbildning, men verdt å prøve å lese)
    http://www.fruholm.dk/vare/510-bog-1-morten-ingemann-stribe-i-glas-og-ramme-orange

    SvarSlett