onsdag 14. september 2011

Køyredoning og penal

Eg har skjønt at det ikkje skal vere lett å vere ungkar i dette landet her. Det krevst at vi både er kjekke og spennande, og at vi på eit eller anna vis uttrykker vår individualitet på eit vis som ikkje er for spesielt eller skremmande. Ein hårfin balansegong. Eit par ting som aldri slår feil er sjølvsagt om ein er lidande kunstnar (men då må ein vere spinkel og truleg vere bipolar på kjøpet) eller eventuelt har ein motorsykkel. Alle diggar motorsykkel. Det er litt som om du var knekt til hest i gamle dagar - kva ungmø kunne vel seie nei til deg då? Så den glinsande brynja er bytta ut med ekstra polstra onepiece eller skinntøy, og riddarleg poesi er bytta ut med einstavingsord, men det funker like godt.

Så kva skal ein mulla gjere? Det er dyrt å ta motorsykkellappen, og i tillegg må ein jo kjøpe sykkel, og om han ikkje har mentaliteten og fysikken til den lidande kunstnaren, så har han definitivt økonomien. Eg får vel berre ønskje meg det eg treng då, eller kva? Ein køyredoning med stil! Og mine auge fall automatisk på denne!
Korleis er det, treng ein lappen for å køyre Scooter i trafikken? Og vil dei eigentleg stogge og spørre ein skjeggete mann som susar rundt på denne om han har lov til å gjere det?

Ååååh! Eg vil ha! Eg vil ha! Kan eg fååååå?

Eg sitt her og ventar, og ventar! Gje ungkaren ein køyredoning no!

I mellomtida er semesteret godt i gang ved min arbeidsstad, og det vert undervist i hytt og pine. Då er det godt at sjølv om eg må gå til jobb kvar dag, at det er studentar nede i korridoren som garanterar at eg er velrusta for alle utfordringar. Eg har fått meg nytt penal, til mine fine pennar!
Dette er eit utsøkt trearbeid, ikkje noko plastskvip nei, og med god plass til minst ein eller to pennar om eg nokon gong tar dei ut av plasten! Det er tillogmed så fancy at det har dobbel botn!
Ikkje spør meg korleis dei kløktige japanarane får det til! Det er jo nesten reint magisk! Så eg måtte nesten plassere den vassekte japanske HK-pennen min nedi med ein gong!

Og apropos japansk, vi veit jo alle at eg er frykteleg glad i bento-bokser. Problemet er at eg er travel, og er frykteleg lite praktisk anlagt av meg, så ein kan ikkje akkurat forvente at eg skal mekke noko slikt til meg sjølv på morgonkvisten. Og sidan eg som sagt er ungkar, er det heller ingen som tar seg bryderiet med å gjere det for meg. Det er sjølvsagt skandaløst! Men heldigvis er det dei som forbarmar seg over meg, og i det minste sørgjer for at eg har med meg passande lunsj til kontoret!
Hello Kitty på pinne! Det er kjærleik det!

12 kommentarer:

  1. du trenger den scooteren, får starte oppsamling hos dine tilbedere

    SvarSlett
  2. Fra F.A.Q. til vegvesenet:
    Må jeg ha førerkort for moped når jeg er en voksen mann født i 1941?

    Svar:
    Ja, det ble innført førerkortkrav 01.01.2005 for føring av moped for personer som ikke innehar førerkort i en annen klasse. Personer som er fylt 20 år før 1/1-05 kan - uten førerprøve - få utstedt førerkort klasse M 145. Vandels- og helsekravene må være oppfylt.
    Mopedførerbevis gjelder fortsatt - det gir samme rettighet som M 145 og M 146.

    SvarSlett
  3. Så eg kan altså få eit mopedførarbevis utan trøbbel fordi eg er ein gamal mann?

    SvarSlett
  4. Ja, du vet jo hvilken Kitty-variant vi kan by på....

    SvarSlett
  5. Ja, faktisk. Do it, om enn bare for å ha gjort det. Moped får man jo nesten gratis her på bygda, så får vi ein av våre kunstnervenner til å lakke den rosa med hell kitty på.

    SvarSlett
  6. Den fineste Kitty'en jeg har sett, er laget av en ungdomsskolelærer ved navn Joakim, som trykker selvlagde t-skjorter på fritiden. Det er en Heil Kitty med en staselig, liten bart.

    SvarSlett
  7. Julie: Omnomnom!

    Ørjan: Ålrait! Eg trur vi har ein plan!

    MM: Eg har sett det som tatovering. Veldig koseleg.

    SvarSlett
  8. Hah! Den scooteren ville nok solgt bra her i byen! I følge omtrent alle som selger motorsykler her, kommer kvinner alltid inn i butikken og spør hva de har i rosa, og så drar de sin vei når de får vite at motorsykler bare kommer i svart, blå, rødt og grønt. Og orange.
    Bortsett fra at Vespa selger en rosa scooter da, men de selger jo ut så fort...

    SvarSlett
  9. Dette er vel strengt tatt ein rosa vespa, med Hello Kitty decal. Så det er snøgt mogleg å få til der på dine kantar. Berre å sette i gang, frøken!

    SvarSlett
  10. Strengt tatt er dette ikkje en Vespa Piaggio, men eg ser at for folk som ikkje er toscanofile så er det lett å ta feil. Vespa, derimot, har rosa metallic som standard farge på sin billigeste mopedmodell, men då prisen begynner på 29000 schpenn, så er det like billig/dyrt å kjøpe en veteran i den fargen man vil ha og klistre på hei pus klistremerke sjøl.

    SvarSlett
  11. Ååååh! Ørjan! Kva skulle eg gjort utan deg! :-D

    SvarSlett