søndag 25. september 2011

Mullaen ser på kunsten sin

Det var openbart stor suksess då eg delte litt kunst med dykk her forleden, og det er sikkert dei som då sitt og lurar på kva noko av kunsten mullaen likar å ha på veggen sin er. Ja, det er båe eit og anna maleri og anna visuell kunst som er i mine klamme hender, og som eg nyt i stille stunder av introspeksjon og febril søken etter visjonar.

Av desse er det nok dei som vil merke seg nokre krussedullar av det som skal forestille hestar i gallopp;
Eit produkt av eit underleg sinn
Dette er altså ei original skisse av Salvador Dali som han døpte Mao-Tse Tung. Ikkje spør meg kva han tenkte på, eg er ikkje skrudd saman på heilt det same vis som han. Det har slått meg gong på gong at Dali er ein mann som er bra på avstand, eg mistenkjer han nok var pittelitt slitsom å utforske i detalj.

Eg likar Dali, men blikket vandrar likevel, for det er noko besnærande her. Noko som fangar blikket mitt. Ein kokett skapnad, som flørtar med yndig blikk og positur...
Sjarmtroll på veggen
Kan det vere...? Er det...? Det er!
La deg fange av hans varme smil og livsglade blikk!
Dette vakre portrettet av underteikna mulla vart overrekt han av ein dyktig penselsvinger han har kjendt sidan tidenes morgon, Bjørn T. Bøe til jul i fjor, og er ein vassekte kunstskatt. Merk kroppsspråket, og dei strategisk plasserte hendene. Blikket! Ååååh! Det blikket! Han har verkeleg klart å fange meg.

Desse bileta er simpelthen for verdifulle til eg kan la dei henge i moskeen, for om enn kor gudfryktige vi er her, så luskar det vantru hundar og barbarar rundt oss til ein kvar tid. Så inntil vidare heng dei på ein trygg stad, der det er alarm. Men ein dag skal dei inngå i moskeens eige galleri.

Og der vonar eg det får selskap av fleire fabelaktige verk, frå kjende og ukjende kunstnerar!

11 kommentarer:

  1. På veggen her på kontoret har vi hengende en 'Serve your Mullah' plakat. Selvfølgelig.

    SvarSlett
  2. Ja, kva elles skal ein ha på veggen sin? Eg forstår meg ikkje på folk som ikkje har det.

    SvarSlett
  3. Godt du har haremet ditt da, å forstå. :D

    SvarSlett
  4. hmmm.... Varme smil og livsglade blikkk?
    Det var da voldsomt til selvironisk koketteri.

    Det livsglade blikket likner da umiskjennelig på Tommy (Calvin)?
    Altså må jeg tilstå : For meg ser det ut som Tommy på pissoar som 50-åring :-)

    Men det er for så vidt lovende at moskeen er planlagt med god takhøyde -og "graven images" rundt baut.

    Cassanders
    In Cod we trust

    SvarSlett
  5. Blikket! Eg var med ei gong viss på at eg var kome rett.

    Her er litt huin102: http://nettnerding.wordpress.com/2008/11/24/best-of-n-o-t-a-t-b-l-o-k-k-a/

    http://nettnerding.wordpress.com/2008/11/22/kollokvie/

    (Eg fjerna merkelappane fordi eg skjemdes slik over mi eiga kunnskapsløyse den gongen.)

    SvarSlett
  6. Cassandra: I vår moskè er frykteleg glad visuell kunst. Det er dyrkinga av det som avgudar vi reagerar på.

    Ida: Der var eg, ja! Og der var bloggane dine! Artig!

    SvarSlett
  7. Avguder.....Akk ja, denne guddommelige sjalusien.
    Den henger naturligvis sammen med den guddommelige forfengeligheten.(Jeg skal ærlig innrømme at DEN er så kollosal at den unndrar seg forstanden).

    Her sitter han altaå (i evighet) allmektig, allvitende og allgod...........

    Og hans PRI #1 og tilsynelatende hovedbeskjeftigelse er å bli lovprist ?????!!!

    Morfen G!D har riktignok en forkjærlighet for vifting av palmegreiner og slikt mens han roses og prises, mens morfen Allah har skapt en (bokstavelig talt) himmelens hærskare engler som en moralsk boost for seg selv.(Siden de teppegnukkende skarene av salige tydeligvis ikke er tilstrekkelig).

    Som du kanskje vet kommer det kohorter på 70 000 ferske og friske hver dag i tillegg til Jibrel som i paradiset er multimediaprisiningssjef med 70 000 stemmer avleverer sine lovprisninger (Allah har åpenbart en hangup for enkelte tall).

    JHWH/G!D/Gud/Allah er jaggu en pussig skrue.

    Cassanders
    "Beware of the man who works hard to learn something, learns it, and finds himself no wiser than before. He is full of murderous resentment of people who are ignorant without having come by their ignorance the hard way."
    Kurt Vonnegut, Cat's Cradle

    SvarSlett
  8. Vel, eg tykkjer det er lett å forstå, her eg er omringa av ivrige tilhengjerar av mitt kjærleiksbodskap. Det gjer godt i hjarterota å få litt... merksemd.

    SvarSlett
  9. Jeg skulle mene det er lett å forstå for en liksom-mullah med slentrende blogg.

    Men en rask vareopptelling tyder også på at det er nettopp den slags stoff profeter, mullaer, imamer, prester av mer eller mindre ypperste klasse osv osv er laget av.

    Men selve sjefsguden??!
    Give me a break.

    Cassanders
    "Half the lies they tell about me are true"
    S. Gorn's Compendium of Rarely Used Clichés

    SvarSlett
  10. Lovpris mullah Bjørkelo. Han rettleder oss på vår vei mot lyset!
    Han viser vei gjennom mørket! Han viser den rette sti gjennom pandamonium! Vi lovpriser vår mullah for den kjærlighet han viser oss.
    Han deler sine ord med verden slik at alle kan høre hans budskap.
    Elsk ham slik han elsker oss!
    La mullah Bjørkelo vise deg veien til gud!

    SvarSlett
  11. Høyrer du Cassandra? Ikkje noko liksom-mulla her! HMSK!

    SvarSlett